Leksehjelp

Kjære skuleelev.

Mange av mine tekstar står i norskbøker for ungdomsskulen og vidaregåande skule. Dette er eg sjølvsagt svært glad for, men det er ikkje alltid eg hugsar tekstane så godt. Difor er det ikkje sikkert at eg kan gje deg gode svar på dine spørsmål om teksten. Om det er ein slik tekst du vil spørje meg om, tilrår eg at du heller spør læraren din om hjelp.

Dersom du skal skrive om romanen Få meg på, for faen, eller ei av dei andre bøkene mine, kan du lese meir her. Teaterstykket Få meg på, for faen, har vore sett opp på Det Norske Teatret, på Sogn og Fjordane teater og Hordaland teater, og du kan lese om det her og her og her.

Dersom du skal skrive om filmen Få meg på, for faen, kan du lese om han her og mange andre stader på nettet. Det var Jannicke Systad Jakobsen som skreiv manus til filmen, basert på min roman. Her kan du lese kva eg tenkte om det. Og her kan du lese om at filmen vann pris for beste manus under Tribeca-festivalen i New York. Filmen blei også forsøkt sensurert i den vesle amerikanske byen Tuscaloosa, men då den kristne menigheita forstod at filmen ikkje var så farleg som dei først trudde, snudde dei, og viste filmen.  I denne teksten har eg skrive litt om korleis dette føltes.

Her forklarer eg båt-diktet og dei andre figurdikta i Få meg på, for faen.

Lukke til med oppgåva di!

 

 

Legg att ein kommentar

Epost-adressa di vil ikkje bli publisert. Naudsynte felt markert *






Kommentar *