Om dramatikken

Eg er svært glad og takksam for at eg har blitt invitert til å skrive dramatikk. Det har gjort meg audmjuk å få sjå kor mange som er med på å skape magi av tekst i ein teaterproduksjon. Å ha blitt kjent med regissørar, teatersjefar, skodespelarar og andre som jobbar i teatret, har vore ein stor berikelse for meg.

Eg debuterte som dramatiker med stykket Skyfri himmel, som er skrive i samarbeid med Bjørn Eidsvåg. Stykket er basert på Bjørn Eidsvåg sine songtekstar, og hadde urpremiere på Rogaland Teater 4. november 2011. Eg har alltid vore glad i Bjørn Eidsvågs songtekstar, og ettersom eg har bakgrunn frå eit kristent miljø og frå tensing, hadde eg gode føresetnader for å skrive manus for Bjørn. Det var ein svært nyttig og lærerik prosess og ei stor oppleving. Eg er framleis svært glad for at Bjørn Eidsvåg ville ha meg med, at Hanne Tømta som var teatersjef på Rogaland Teater hadde lit til meg og at eg blei kjend med den fabelaktige regissøren Marit Moum Aune. Stykket blei ein kjempesuksess for Rogaland Teater, og du kan lese meir her. Her kan du lese teksten til ein av mine favorittsongar med Bjørn Eidsvåg.

Det Norske Teatret har mange gongar spurt meg om eg kunne tenke meg å lage teater med utgangspunkt i bøkene mine. Først etter suksessen med Skyfri himmel, våga eg å svare ja. Med støtte og tilbakemeldingar frå Marit Moum Aune, omskreiv eg Få meg på, for faen til teatermanus, og stykket hadde premiere på Det Norske Teatret i 2007. Du kan lese meir om dette her og her og ikkje minst i denne fine anmeldelsen her. I stykket spelte Pia Tjelta, Charlotte Frogner, Marianne Krogh i hovudrollene. I tillegg var Kaia Varjord, Pål Sverre Valheim Hagen, Torbjørn Eriksen, Nina Woxhollt og Jon Eivind Gullord.

i 2011 blei Få meg på, for faen også sett opp i ein samproduksjon mellom Sogn og Fjordane Teater og Hordaland Teater. Då var eg ikkje involvert, men eg såg stykket to gongar, og syntes det var svært oppløftande og spanande. Les meir om dette her.

I 2011 var det også premiere på dramatiseringa av romanen Vi har så korte armar. Det var Marit Moum Aune som var regissør, og også denne gongen fekk eg god hjelp frå henne til å omforme romanen til teatermanus. Det vart ei svært fin førestilling, som eg er stolt over å ha vore med på å lage. Milja Salovaara laga ein slåande scenografi, med ein modell av Den Blå Steinen i Bergen som hovudelement på scena. Opninga til stykket var ein herleg dans, koreografert av uforliknelege Niklas Gundersen til den vakre White Winter Hymnal av Fleet Foxes, og eg får framleis frysningar når eg høyrer denne songen. Niklas Gundersen spelte også i stykket saman med Silje Storstein, Kristin Grue, Audun Sandem og Marianne Krogh. Sjå alle saman i denne fine videoen som Mari Storstein har regissert. Les meir om stykket her og og ein positiv anmeldelse frå VG her.

Det eg er aller mest stolt av, er framsyninga Stort og stygt, som var eit bestillingsverk til Det Norske Teatrets 100-årsjubileum i 2013. Eg har laga eit eige innlegg om Stort og stygt, som du kan lese her.

 

Legg att ein kommentar

Epost-adressa di vil ikkje bli publisert. Naudsynte felt markert *






Kommentar *