Om bøkene

Eg debuterte som forfattar i 1998 med romanen Innestengt i udyr. Boka er sett saman av tekstar eg skreiv då eg gjekk «Forfatterskolen» på Heimly Folkehøgskule på Finnsnes. Eg sende inn manus fordi mange av dei andre elvane gjorde det same, og var ikkje førebudd på at eg faktisk skulle bli antatt. Men det blei eg. Og då trudde eg at eg var forfattar, noko som seinare har vist seg å stemme.

Innestengt i udyr er ei bok om spiseforstyrringar og om å streve med å finne sin plass i verda, i det sosiale hierarkiet og i kroppen.

I 2002 kom Vi har så korte armarDå hadde eg gått på Universitetet i Bergen og Skrivekunstakademiet i Hordaland, og hadde lært at litterære sjangrar ikkje er absolutte. Eg insisterte på at boka ikkje var ein roman, men at den derimot burde sjangernemnast som «tilstandsrapportar». Det var fordi både Ølgjer og Liv, som hovudpersonane i boka heiter, konstant hadde behov for å fortelje andre korleis det sto til med dei.

Vi har så korte armar handlar om to som har for korte armar, om å vere sosialt hjelpelaus, om å vere grenselaus, om å vere pompøs og om å sjå seg sjølv utanfrå. Boka blei omsett til fransk.

I 2004 gav eg ut essay- og artikkelsamlinga Hybrideleg sjølvgransking. Det var ei samling med essays og artiklar og anna som hadde vore på trykk i tidsskrift og aviser i åra etter debuten. Her er ei bokmelding som eg likte godt.

I 2005 kom Få meg på, for faen. Den skulle bli mitt litterære gjennombrot, og den skulle vise seg å bety mykje for mange over «heile verda». Eg er litt lei av å skrive og snakke om Få meg på, men eg skal kome tilbake til dette. I mellomtida viser eg til det eg har skrive om boka, teaterstykka og filmen her.

Nesten frelst av Sigvart Dagsland kom i 2009, og er ei bok skrive på oppdrag for Det Norske Samlaget. Det var morosamt og lærerikt å jobbe med ei portrettbok, og sjølv om Sigvart sjølv kanskje hadde sett for seg noko heilt anna enn kva det blei, så var tonen i samarbeidet god frå første til siste stund. Boka er fyldig presentert på Samlaget si forfattarside, der det også ligg klipp frå glade anmeldelsar. Her er teksten «Ja til snille kristne» som var på trykk i Dagsavisen i mai 2009, og som er i svært nær slekt med bokas tema. Her er teksten «Er du kristen?» som eg hadde på trykk i Bergens Tidende i samband med lanseringa.

Den siste boka mi heiter Kjøkkenbenkrealisme, den kom ut i 2012 og handlar om korleis foreldre i dag organiserer og tenkjer om livet sitt med små barn. Eg skriv «foreldre», men intervjua først og fremst kvinner, noko eg (med rette) fekk på pukkelen for. Det var likevel ei bok som mange blei engasjerte av å lese, og som blei mykje diskutert. Det var veldig kjekt å presentere boka for publikum, det kom alltid mange historier i etterkant av slike arrangement. Eg skreiv også kronikken «Lengtar vi etter kjøkenbenken?» då boka kom ut, der eg viste til kronikken «Lengten etter kjøkenbenken» som eg hadde skrive to år tidlegare. Ironisk nok har eg seinare irritert meg over og argumentert mot at deltidsarbeid blir møtt med skuldingar om at kvinner med små barn reduserer stillingane sine for å få tid til å bake bollar og polere lysestakar.

 

Legg att ein kommentar

Epost-adressa di vil ikkje bli publisert. Naudsynte felt markert *






Kommentar *