Om alt det andre

 

Kraftsentrum

Frå 2005 – 2008 redigerte eg det litterære tidsskriftet Kraftsentrum saman med Gunnhild Øyehaug. Vi blei inviterte av John Erik Riley i Cappelen Damm, og takka straks ja. Den første utgåva handla om drit i litteraturen. Sidan laga vi seks temanummer der vi mellom anna hadde Johan Harstad og Jon Øystein Flink som gjesteredaktørar, før vi avslutta med ein avskjedsfest som blei dokumentert av Flamme forlag. Johanne Hjorthol og Judith Nærland var formgjevarar for Kraftsentrum, som var eit umåteleg stilig blad.

Skrivekunstakademiet i Hordaland

Eg var elev ved Skrivekunstakademiet i Hordaland i 2000/2001, og viss du klikkar på denne lenka, kan du bla deg fram til bilete nummer 13 og finne meg på bakerste rekke. Då eg gjekk på Skrivekunstakademiet, skreiv eg Vi har så korte armar og diskuterte litteratur ned til minste bokstav. Her er eg med på det første og andre biletet, då eg var leiar for akademiet i 2008-2010. Det innebar først og fremst administrativt arbeid, og var ei nyttig erfaring for meg. Mange av dei som gjekk på Skrivekunstakademiet då eg var leiar, har seinare debutert som forfattarar, men eg sat mest på kontoret, så eg skal ikkje ta æra for det.

ESSAYS OG ARTIKLAR

Eg har skrive sidan eg var 19 år, og når eg ser tilbake på det eg har hatt på trykk både i bøker, aviser og tidsskrift, er det langt i frå alt eg er like stolt av. Eg kan sjå tilbake på tekstane eg skreiv som 19-åring, 25-åring, 28-åring og 35-åring, og tenkje at det er ein del den forfattaren der enno ikkje har skjønt. Samtidig tenkjer eg «kva så?». For det har ein verdi å våge å vere seg sjølv i ein tekst. Med dette meiner eg ikkje «sjølvbiografisk», sjølv om det også kan vere bra, men eg meiner at ein skal våge å vere trufast mot sin eigen forståingshorisont – ver der du er! Dette må eg ofte minne meg sjølv om når eg ser gamle tekstar som påstår noko eg i dag ikkje lenger meiner. Her kjem lenker til ein del tekstar eg har hatt på trykk i aviser og tidsskrift:

Slik mistet hun ikke babykiloene – tekst eg skreiv som gjesteskribent i Tidsskrift for Den Norske Legeforening. På trykk 28. mai 2013.

Gjere det godt er ein tekst eg skreiv til Klassekampen om Trude Marstein sine utruskapsromanar.

KOMMENTARAR I JOURNALISTEN.NO

Les for meg!, om nedlegging av radioprogram berre nokre få likar. OBS! REKLAME! om kor kjekt det er med barne-tv, også i vaksen alder. Var det valdtekt? handlar om skilnaden på offentlege og private diskusjonar om valdtekt, og viser til Hannah Helseths gode bok Generasjon Sex og til Lars Ramslies Fatso. Min barndoms smale og holete bygdeveg! På tv! er ei hylling av Vestlandsrevyen. Mediehallik handlar om gleder og sorger ved e-postintervju.

 

KOMMENTARAR I DAGSAVISEN

Eg har også skrive laurdagskommentarar for Dagsavisen, dette føregjekk i perioden 2008-2012, og mange av desse er eg svært nøgd med, sjølv om mange av dei berre handlar om uvesentlegheiter som reality-fjernsyn og Haukeliekspressen.

2008 – pappa kom heim! om tredeling av fødselspermisjon, kvinne kjenn din bil! om å ta lappen og meistre det å vere sjåfør, farvel Odda, om å flytte til og frå ein fråflyttingstruga stad, kvifor ikkje rime? om å skrive dikt som blir ståande, slapp av! eller konsentrer deg! om flyktig konsentrasjonsevne lenge før sosiale media tok over, eg hatar kunst! som sjølvsagt handlar om det anstrengte forholdet både eg og andre har til performancekunst og andre påtrengande kunstformer.

2009 – barn i alle kanalar, plag kvarandre! tekst om korleis friviljug barnlause og friviljuge foreldre gir kvarandre dårleg samvit, prøver å le av den redaksjonelle fridomen er ein sur, målpolitisk tekst, ja til snille kristne er ein tekst om skilnaden på mørkemennene du møter i media og dei minnene eg har om varme, snille kristne folk. Å, kvardagstraume handlar om ei øydelagt vaskemaskin og kva som skjer når du klagar på dårleg service.

NORSKEKSAMEN I MORGENBLADET

I mai 2014 blei eg invitert av Morgenbladet til å skrive norskstil saman med avgangselevane på Vidaregåande. Eg tok eksamen på Fyllingsdalen vidaregående skole, og skreiv denne diktanalysen/rapporten frå klasserommet. Karakteren på stilen blei «Altfor kreativt», som du kan lese her om du har nettabonnement. Eg fekk også tilbakemeldinga «Forfatter Olaug Nilssen misforsto fullstendig diktet «Norges skaal» da hun på oppdrag av Morgenbladet gikk opp til eksamen i norsk sidemål.» Heile innlegget til Vigdis Ystad, professor i nordisk litteratur, kan du lese her.

 

 

 

 

Legg att ein kommentar

Epost-adressa di vil ikkje bli publisert. Naudsynte felt markert *






Kommentar *