Autisme

Før eg fekk eit barn med ei autismediagnose, visste eg ikkje anna om autisme enn kva filmen Rainman påstod. Heller ikkje i dag kan eg svare godt på kva autisme er, for eg har det ikkje sjølv, og har erfart og forstått at det er store variasjonar innanfor autismespekteret. Difor vil eg oppmode alle om å setje seg inn i kva det kan vere. Her kan du lese korleis autismeforeininga i Norge forklarer tilstanden. Her er ein video med gode forklaringar frå ei jente med aspergers syndrom, som også fortel om sin bror med infantil autisme. Her er eit klipp frå tv-filmen om professor Temple Grandin, som også er omtalt her. I denne sterke videoen fortel Amanda Baggs om sin autisme og sitt språk.

Les også gjerne Lars Amund Vaages roman Syngja, Halfdan Freihows Kjære Gabriel og Bård Torgersens Voksne og barn. Eg anbefaler også Den merkelige hendelsen med hunden den natten av Mark Haddon, både som roman og i Det Norske Teatret si framsyning.

Vinteren 2013 og våren 2014 var eg leiar for FAU på Tveiterås skole. Tveiterås skole er ein spesialskule for elevar med utviklingshemming og store lærevanskar. Kommunen føreslo å legge ned skulen, men foreldre til barna på skulen kjempa mot, og vann. Her er to lesarinnlegg eg skreiv i samband med denne saka – Reine spesialskular trengs og Ein suksess for barna. Her er ein informativ reportasje med videoklipp frå skulen og frå heime hos ein av elevane.

Våren 2015 engasjerte eg meg i debatt om spesialskular med dette innlegget i Dagbladet. Seinare same sommar blei eg intervjua i Morgenbladet om å vere mor til ein gut med autisme. Intervjuet hadde tittelen «Hold kjeft! Du vet ingenting om livet!». 

Sidan hadde eg på trykk ein kronikk om å velje spesialskule, med tittelen «Verda er ikkje perfekt.»

4 kommentarar on Autisme

  1. Hanne-Kari Havik
    29. juli 2015 at 17:31 (2 år ago)

    Min bror sin kommentar da jeg fikk asperger diagnosen, sånn apropo Rainman….: Han tok opp en fyrstikkask, og sa: «Hvis jeg sprer disse utover, kan du se hvor mange fyrstikker det er da?»
    -Han hadde kanskje tenkt seg en tur til Vegas, broren min….:))

    Jeg lo og sa at: Nei, det er ikke HELT slik det fungerer……Jeg hadde også sett Rainman, og kan ikke se meg selv i Rainman sin rolle, selv om jeg vet det eksisterer folk som Rainman, og rollen Rainman er bygget på en faktisk person, som døde for noen år siden, Kim Peek (født 11. november 1951, død 19. desember 2009). Rollen er imidlertid noe overdrevet i autistisk retning, etter mitt syn, selv om den også er noenlunde godt spilt av Dustin Hoffman.

    Jeg syns nok kanskje at noe av det menneskelige ved Rainman ikke kom godt nok fram i filmen. Kim Peek dro rundt og holdt foredrag, han, samtidig som han alltid var svært pleietrengende. Når det gjaldt Las Vegas i filmen Rainman, så var Kim Peek ikke særlig glad i at rollefiguren hans brukte talentet sitt til å svindle penger.

    Svar
    • admin
      30. september 2015 at 21:54 (2 år ago)

      Tusen takk for informasjon!

      Svar
  2. Beate
    31. juli 2015 at 10:17 (2 år ago)

    Jeg har lest en bok som var helt spesiell fin. Dersom det er slik at du ikke kjenner den, vil jeg gjerne anbefale den. The reason I jump av Naoki Higashida. Den gjør det nesten umulige, beskriver autisme fra innsiden, av en gutt på 13 år.

    Svar
    • admin
      30. september 2015 at 21:53 (2 år ago)

      Takk for tips! Ja, eg kjenner til og har lest boka til Naoki Higashida, og er glad for den.

      Svar

Legg att ein kommentar

Epost-adressa di vil ikkje bli publisert. Naudsynte felt markert *






Kommentar *