Vaksiner og autisme

Nei, skulle ein skrive noko om autisme og vaksiner? Debatten om vaksinemotstand er forståeleg nok både hard og kvass, og det er vanskeleg å innta noko anna standpunkt enn at foreldre bør lytte til erfarne fagfolk og følgje vaksineprogrammet. Personleg har eg ikkje noko anna standpunkt enn dette, men eg vegrar meg likevel for sjølv å vere hard og kvass, i alle fall når det kjem til samanhengen mellom autisme og MMR-vaksinen.

Lat det vere sagt med det same: Eg trur ikkje mitt eldste barns regressive autisme var utløyst av MMR-vaksinen, og mine yngre barn er vaksinerte (ikkje utan frykt, det kan eg godt innrømme).

Det er ei ekstrem erfaring når ein som foreldre opplever at eit barns utvikling stoppar opp eller går tilbake. Nokre opplever at dette skjer frå ein dag til den neste, andre opplever at regresjonen går over tid. Det skjer med barn over heile verda, og det er like vondt og uforståeleg kvar einaste gong. For det er ikkje akkurat slik at vitskapen kan svare på kvifor dette skjer. Og det hender nok også rett som det er at helsepersonell drar slike foreldreerfaringar i tvil, eller avfeier dei som irrelevante for diagnose og behandling. Det er ikkje så rart, for kva svarer eit fagmenneske som ikkje har noko svar? Tidlegare var svaret «kalde mødre», endå tidlegare var svaret «bytting».

Det er mange grunnar til å avfeie MMR-vaksina som årsak til autisme, og den første er sjølvsagt at Andrew Wakefield sine forskingsresultat har blitt avslørt som bløff. Ein annan grunn, er at teikn på autisme ofte blir tydelege i 18-månaders-alderen, som er omlag samstundes som MMR-vaksinen blir sett. Og viktigast: Regressiv autisme fanst også før vi fann opp vaksiner.

Men hugs at når ein ingenting veit, er det fort gjort å tru.

 

 

Legg att ein kommentar

Epost-adressa di vil ikkje bli publisert. Naudsynte felt markert *






Kommentar *