Jenta som ingen kunne mobbe

I fjor vår skreiv eg stykket «Jenta som ingen kunne mobbe» på oppdrag for DUS, Den Unge Scenen. Stykket handlar om Guri, som ikkje bryr seg om verken klassekameratane sine eller mobbinga deira, og om Sunniva, som  blir aggressiv av Guris avvising.

Eg strevde fælt med å få dette ferdig, og då det halvskrivne manuset forsvann i eit skriveprogram eg ikkje forstod, blei eg så forkava og redd for at eg aldri skulle kome i mål, at eg skreiv heile manuset på nytt i løpet av to dagar. Stykket blei naturlegvis redigert etter dette, i samarbeid med den prima dramaturgen Mari Moen på Det Norske Teatret, men eg likar likevel å seie at eg skreiv det på to dagar.

DUS er eit stort prosjekt med svært mange ungdommar involvert. Dei kjem frå teatergrupper over heile landet, og i løpet av året blir det arrangert fleire samlingar der ungdommane får møte kvarandre, teaterfolka som arrangerer DUS og dramatikarane. Dramatikarane som er med, skal dei få møte både i starten av arbeidet, undervegs i arbeidet og når arbeidet er fullført. Men det er ingen som har fått møte meg, og eg har diverre ikkje fått møte nokon. Det siste året var eg sjukmeld i fleire omgangar, og måtte avlyse kvar einaste samling. Her er eg i ein video der eg presenterer meg sjølv og stykket, det ein ikkje ser er at eg nettopp er utskriven frå sjukehuset etter å ha hatt ein betennelse i foten. (Ja ja, det kan vel vere at ein ser det på det bleike fjeset mitt.)

Eg har altså vore svært lite involvert. Men det hindrar meg ikkje frå å la meg både røre og begeistre av meldingane som tikkar inn i innboksen min med beskjed om at namnet mitt er nemnt i ymse lokalaviser. Eg les om teatergrupper som har tatt seg fridomar og gitt Guri to mødre eller endra innhaldet i stykket til å handle om nettmobbing, eg les at både regissørane, skodespelarane og lokalavisene synest stykket er sterkt. Det gjer inntrykk på meg, og gjer meg glad!

Framleis lurer eg på om Guri finst. Ei jente som overhodet ikkje bryr seg om at andre er stygg med henne. Og om ho finst, er ho verkeleg eit ideal?

Tvi tvi til alle som enno ikkje har framført stykket!

Legg att ein kommentar

Epost-adressa di vil ikkje bli publisert. Naudsynte felt markert *






Kommentar *