Hun frontet rumpeåret 2014

Først må eg berre seie at overskrifta ikkje har noko med saka å gjere, eg ville berre skrive det, som ein hommage til ei av Dagbladets beste overskrifter i dag. Dette er ein bloggpost om årets beste bøker.

Eg er svært sjalu på alle som får oppsumere bokåret med å liste opp sine tre favorittar, og liksom glimre med si fulle kritikartyngde på dei utvalde. Men det er jo ingenting som hindrar meg frå å gjere det same, eg treng ikkje ein gong kome på gjennomtenkte blurbs om dei. Årets beste bøker er kort sagt følgande: Carl Frode Tiller: Innsirkling 3 (lånt frå jobben i NF) og Anne Helene Guddal: Også det uforsonlige finnes (kjøpt sjølv) og Nils Henrik Smith sin roman Se ilden lyse over jord (fått gratis frå Samlaget etter førespurnad). 

Eg har ikkje tenkt å seie noko meir om dei to første.  Men eg skal seie litt om Se ilden lyse over jord, som eg gjerne skulle sett lest av fleire.  Eg las ikkje boka verken på grunn av 22. juli-tematikken eller på grunn av at hovudpersonen reiste til Kviterussland for å finne kjærleiken på nytt. Eg las boka fordi den tematiserer livet med (og tapet av) eit funksjonshemma barn. Nils Henrik Smith skriv godt om ein fars refleksjonar over fordelinga av omsorg og kjærleik mellom sine tre barn, om eit ekteskap som går i oppløysing og om ein son som prøver å bearbeide kjenslene sine overfor broren ved å skrive om dei, men som får høyre at det er «sosialpornografi» frå ein skrivelærar på Skrivekunstakademiet. Eitt av temaa romanen handsamar, er om den multihandikappa sonen elska familien sin tilbake, eller om han ikkje var i stand til å ha slike kjensler. Det er eit stort tema å våge seg inn på, og Smith har skrive fleire vonde, men også vakre og rørande scener. Til dømes er det storslagent å lese om korleis det går når hovudpersonen kjem for å fortelje om den nyfødde til far og bror, og i si smerte og forvirring lurer på om han skal tilby at sonen ikkje skal kallast opp etter farfar likevel, når det no var slik det blei.

Se ilden lyse over jord er ei svært velskriven, ofte mororsam, smidig og god forteljing med stor innsikt på mange område i livet og samfunnet.

Legg att ein kommentar

Epost-adressa di vil ikkje bli publisert. Naudsynte felt markert *






Kommentar *