Ikkje ei sånn jente lenger

 

image

Denne boka fekk eg gratis frå forlaget, utan å ha bedt om det, berre så det er sagt, klårt og tydeleg. Det er ingen som betaler meg for å skrive noko om den, berre så det også er sagt.

Ikke en sånn jente er ei utruleg masete og irriterande bok, skrive av ei priveligert og sjølvoptatt kvinne. Det er ikkje måte på kva for småproblem som blir tatt opp til handsaming, som vaksen veit ein naturlegvis at det meste av det som framstår som storslagen identitetsproblematikk i ten- og tjueåra, forvandlar seg til uvesentlege bagatellar når ein blir stor. Lena Dunham skriv om kjærastar. Venskap. Tvangshandlingar. Sex. Sex. Sex. Sex. Mat.

Ikkje mindre viktig av den grunn! Snarare tvert i mot. Vaksne folk må lære seg å hugse at dei har vore barn, tenåringar og tjueåringar.

Lena Dunhams intense sjølvgransking opnar muligheiten for ærleg refleksjon kring tema som ofte blir handsama med overflatehamring i staden for analyse – som til dømes «gråsonevaldtekter» og den forsvinnande sjølvrespekten i jojo-slanking.

«Jeg frydet meg over hver eneste kilo som forsvant, men samtidig var det en stemme inni meg som skrek: Hvem er denne dama du har blitt? Du er en opprørsk jente med kulemage! Hvorfor plotter du kaloriinntaket ditt inn på iPhonen din?»

Ha ha!

Det er irriterande at Lena Dunham insisterer på at alle desse små og store erfaringane hennar har rett til å bli formidla både som tv-serie, på film og i bok. Men det er berre å bite det i seg, for nettopp denne insisteringa er ein av grunnane til at Lena Dunham bør vere/er eit førebilete for mange tenåringsjenter og kvinner i tjueåra. Sikkert eldre også. (Som trettiseksåring føler eg at eg må stille meg litt på avstand frå Lena Dunham og betrakte henne med kloke og analyserande briller på, men eg innser at det får meg til å verke som ei gammal, nedlatande hurpe. Særleg når eg sjølv har skrive tre romanar om vaksesmerter, noko eg gjorde då eg var i tjueåra.)

Lena Dunham er smart, ærleg og morosam. Fleire av episodane i tv-serien Girls har vore beint ut imponerande, i sine skarpe observasjonar om menneskeleg veikskap, forfengelegheit og skam. Om ho ikkje kan vere eit førebilete for alle, så er ho i alle fall eit viktig døme.

Og når det er sagt, så vil eg legge til at eg tilrår Bullshitfilteret av Oda Faremo Lindholm endå sterkare, sjølv om eg visste (nesten) alt som sto der frå før.

(Eg har ikkje betalt for Bullshitfilteret heller, vi fekk den tilsendt til jobben i Norsk Forfattersentrum.)

 

Legg att ein kommentar

Epost-adressa di vil ikkje bli publisert. Naudsynte felt markert *






Kommentar *