Gørr, men viktig.

Eg pleier ikkje følge med på om eg mistar følgarar på twitter, det er ikkje godt for den mentale helsa å bry seg om denslags. Men i dag livetwitra eg frå ein debatt om byrådets budsjett, og fråfallet av følgjarar var så påfallande at eg ikkje kunne unngå å legge merke til det. Eg tenkte: Hjelpe meg, dette er gørr!, men durte likevel på som ei kanin på duracell. Og her kjem endå litt meir – eit forsøk på ei oppsumering.

Debatten var arrangert av Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU) og dreidde seg om byrådets planlagte kutt i budsjettet for tenester for psykisk utviklingshemma i Bergen. Eg gjekk til debatten for å høyre om det stemte at det skulle kuttast 35 millioner kroner, og om kvar det i så fall skulle skje innsparingar.

For ein politisk utrent tilhøyrar som meg, var det ikkje så lett å avgjere om det var snakk om eit kutt eller ikkje. Byråd Hilde Onarheim sa at det blei meir pengar til tenester for psykisk utviklingshemma på budsjettet for 2015 enn det hadde vore i 2014, men at auken ikkje var like stor som overforbruket i år hadde vore på. Dette var også grunnen til at det gjekk an å snakke om løyvinga for 2015 som eit kutt. Så diskusjonen blei som følgjer: Var det verkeleg eit overforbruk, eller hadde ein budsjettert med for små summar i 2014? Dei økonomiske detaljane i denne diskusjonen greidde eg ikkje å følgje med på, men det blei ikkje dokumentert eller vist til områder der nokon hadde fått meir enn dei hadde krav på. Det vil seie – dokumentasjonen på at nokon måtte ha fått meir enn dei hadde krav på, var at det hadde vore ein stor budsjettsprekk.

Dei ulike partia hadde ulikt syn på korvidt det hadde vore overforbruk eller om det var reellt behov for ei auke i budsjettet som sto i samsvar med budsjettsprekken frå 2014. SV og AP ville finne dei millionane som skulle til for å dekke behovet til kommunens psykisk utviklingshemma og deira familiar. Særleg Oddny Miljeteig frå SV var tydeleg på at det var viktig at dette tilbodet var godt. Ho meinte at uttrykket «fagleg forsvarleg» ofte var ei tilsløring av kvaliteten på tilbodet. SP ville ikkje ha kutt, men kunne ikkje love auke. Venstre og KrF ville undersøke behovet nærmare før dei konkluderte, men var einige om at tenestene måtte vere gode og ikkje berre «fagleg forsvarlege». Dette ville dei ta med seg inn i budsjettforhandlingane med Høgre og FrP. MDG sa at det var mykje å lære frå denne debatten, og at det var viktig å ha eit budsjett som var balansert på ein slik måte at samfunnets svakaste fekk den hjelpa dei hadde bruk for. FrP var svært nøgd med budsjettet, og sa at dei følte folk fekk eit godt tilbod.

I salen var det møtt fram mange pårørande, og det emosjonelle engasjementet auka kraftig då desse fekk ordet. Det blei stilt ei rekke spørsmål om KVAR det skulle kuttast, men dette blei det ikkje svart på, ut over at det var Forvaltningen som skulle gjere desse vurderingane, at alle skulle få dei tenestene kommunen var lovpålagt å yte og at det alltid er lov til å klage på avslag.

Så sånn var det og slik er det.

Om du vil ha fleire detaljar frå debatten, sjå gjerne min twitterprofil for ein lang streng med notat frå det som blei sagt. https://twitter.com/olaugnilssen

Legg att ein kommentar

Epost-adressa di vil ikkje bli publisert. Naudsynte felt markert *






Kommentar *