Stort og stygt

Stort og stygt var eit bestillingsverk til Det Norske Teatrets 100-årsjubileum. Det hadde urpremiere 2. mars 2013, og fekk svært gode kritikkar i pressa. Stykket handlar om to nabopar som begge ventar barn, men som har ulike forventningar til å bli foreldre. Det eine paret får sitt første barn, og vil gjere alt rett. Det andre paret ventar sitt andre barn samstundes som dei må innsjå og akseptere at det barnet dei allereide har, ikkje er som alle andre.

Mari Moen var konsulent på manus og Marit Moum Aune var som vanleg regissør. Milja Salovaara hadde scenografien, og laga ein hestekarusell som handlinga føregjekk på og rundt. Niklas Gundersen var koreograf, og han spelte også hovudrolla som den vesle guten Arve. I tillegg spelte Charlotte Frogner, Pål Christian Eggen, Ola G. Furuseth og Ellen Dorrit Pedersen i dei første framsyningane. I ekstraframsyningane spelte Kristin Grue. Alle saman gjorde ein stor innsats, og eg er djupt rørt og imponert over korleis dei alle involverte seg i teksten og i problematikken dei skulle vise fram. Dukkemakar Torill Næsheim var også viktig, ho skapte ein av dei mest sentrale figurane i stykket – den store, vesle dokka i den blå pysjamasen. Pia Holmquist lærte Niklas Gundersen å vere dokkespelar, og bidrog med instruksjon til ei av dei mest lada scenene i stykket.

Du kan lese meir om stykket her og lese Dagsavisens begeistra anmeldelse her. Dagsavisen hadde også eit stort og fint intervju om ein gut med autisme og foreldra hans i samband med premieren. Ei samling av sitat frå fleire anmeldelsar ligg her. Om du vil kjøpe billett til ekstraframsyningane i januar og februar, gjer du det her. Manuset til stykket er også gitt ut som bok, og den kan du kjøpe her.

Legg att ein kommentar

Epost-adressa di vil ikkje bli publisert. Naudsynte felt markert *






Kommentar *