Om Få meg på, for faen som film – frå Aftenposten K nr 2/2011

Her er ein tekst som var trykt i Aftenposten K nr 2/2011, i samband med lanseringa av filmen Få meg på, for faen.

Ditt ansvar, Jannicke! 

Akk, kjødelig lyst,
Hvis giftige lebe så mangen har kyst!
Ditt fengende tønder, din flyvende gnist
Blev mangen til evige luer til sist.
Din skål synes honning, men drikken er led –
Forfengelighet,
Forfengelighet.

(Thomas Kingo, Far verden, far vel, 1861)

Få meg på, for faen var min gjennombrotsroman, og heilt sidan han kom ut i 2005, har eg streva med å finne ein balanse mellom å stå inne for og ta avstand frå han.  Boka har tre historier med tre hovudpersonar, men det er ikkje studenten Maria med vaskejobb og tv-draumar eller den naive kvinnesakskvinna  kona til Sebjørn som valdar så mykje bry. Det er sjølvsagt Alma, ”litteraturhistoriens kåtaste femtenåring” som er vanskeleg. For ikkje berre er ho ømt i rytmar nagla fast, romanen har kome i fleire opplag og historia har vore på trykk mange stader: som novelle i Vinduet i 2004, i foreningen !les si tekstsamling for ungdomsskulen og i antologien Rosa Prosa i 2006. I 2007 kom teaterversjonen og no i 2011 er det tid for film.

Det er utvilsamt ei suksesshistorie. Eg har også gang på gang lansert historia om Alma som viktig, fordi ei klønete hormonsprengt tenåringsjente også må synast i den gjennomseksualiserte og pornofiserte kulturen. Dette særleg fordi tenåringsførebilete som Christina Aguilera uttrykkjer at dei er så ”komfortable med sin eigen seksualitet”, ein fridom og veremåte som på alle måtar framstår som attraktiv, men som ikkje er oppnåeleg for alle. For – som det også heitte i Lars Ramslies Fatso (2003) og Mats Larsens Pornopung (2004) – alle vil ha, men det er ikkje alle som får. Dei stygge, usikre og tjukke får ikkje. Alma, stakkar, ho får heller ikkje. Det er greitt nok, det er til og med bra, ettersom ho med sine femten år er under den seksuelle lågalderen. Det som er verre, er at ho ikkje greier å begrense seg, ho avslører sin apetitt på sex for samfunnet rundt seg, og blir utstøytt fordi ho ikkje kan kodane, fordi ho ikkje kan språket, fordi ho ikkje er attraktiv. Christina Aguilera og hennar likekvinner er ikkje nødvendigvis upassande, men Alma er det.

Få meg på, for faen er også upassande, i alle variantar. Det er ubehageleg og flaut å bli ufrivillig eksponert for sex, og om så skjer, hjelper det verken med humor eller originalt språk. Sjølv vil eg helst sleppe fri utsikt til pornoblada på Narvesen og sexy illustrasjonsbilete på nettavisene sine uttallige sexoppslag. Verre kan det nok likevel vere å sitje side om side med klassekameratar på ungdomsskulen og lese om Almas seksuelle fantasiar, særleg om ein då, som henne, ikkje er ”komfortabel med sin eigen seksualitet”. Og dersom eg skal stå inne for at Alma er viktig, så må eg jo faktisk tru at det er ein del ungdommar som ikkje er ”komfortable med sin eigen seksualitet.” Altså må eg ta avstand frå boka. I alle fall må eg innrømme at ho ikkje nødvendigvis er eigna for klasseromsopplegg i ungdomsskulen. I tillegg må eg be om at avisoppslag om boka ikkje blir illustrerte med misvisande overskrifter eller bilete. Og med misvisande meiner eg ”misvisande”.

Men slike bøner hjelper jo ikkje mot ”desken”, denne ulne storleiken journalistane alltid tyr til i namnet åt ansvarsfråskrivinga. Eg brukar gjerne denne ulne storleiken sjølv, som ein tvilrådig konklusjon på ein innvortes debatt om korvidt det personlege ubehaget som er knytta til slike oppslag er mitt eller medielogikken sitt ansvar. På sida før første kapittel, opplyser eg at historia om Alma inneheld skildringar av seksuelle fantasiar, og legg til at ”enkelte vil truleg oppleve desse skildringane som støytande”. Like under opplyste eg om at ”når det står ”nepe”, er det meint det dei fleste kallar ”kålrot” eller ”kålrabi”.  Det er ikkje rart at folk trudde eg tulla med dei, men her fekk eg svi for min ironi, for eg tulla jo ikkje, eg tenkte på mamma og eg tenkte på meg sjølv då eg skreiv åtvaringa. Men eg hadde skrive historia, og eg hadde vore med på å bestemme at vi skulle legge størst vekt på Alma i lanseringa av boka. Eg plasserte henne øvst i baksideomtalen og snakka villig om tematikken i alle intervju. Ambivalensen var heile tida med – eg steila over overskrifter og ingressar (”desken, desken”), og følte ofte at dei viktige nyansane forsvann til fordel for spekulering i sex. Då lokalavisa frå heimstaden min ved eitt høve smurde meg ut over heile framsida saman med overskrifta ”vil lære ungdommar om sex”, grein eg. Heldigvis var ikkje bildet så verst, har eg tenkt i ettertid, ei tid der eg også har takka nei til så godt som alle førespurnader om skulebesøk og der eg har uttrykt forståing når ungdomsskulelærarar har bekjent at dei synest det er flaut å bruke Få meg på, for faen i undervisninga.

Derimot sa eg ja takk til å lage ein teaterversjon på Det Norske Teatret i 2007. Då føreslo eg at vi skulle dempe sexscenene og kutte ut ”faen” frå tittelen, men det syntes verken regissøren, skodespelarane eller teateret var noko særleg aktuelt. Heldigvis hadde eg ein nyfødd baby å ta meg av då stykket skulle lanserast, slik at eg med godt samvit kunne overlate til Charlotte Frogner, Pia Tjelta og Marit Moum Aune å stille opp i avisoppslag med SEX i tittelen. Eg var også begeistra for oppføringa, glad for gode kritikkar og nærmast triumferande då det vart sett opp ekstraførestillingar.

 

Akk ære, hva er,

Hva er dog de kroner og kranser du bær?

Misunnelse lurer så lett bak din rygg,
Rett aldri du føler deg sikker og trygg;
Du engstes og faller og varer ei ved –
Forfengelighet,
Forfengelighet.

(Thomas Kingo, Far Verden, Far Vel, 1681)

Ikkje heilt tilfeldig at eg siterer ein salme, nei. Berre to år seinare skreiv eg boka Nesten frelst av Sigvart Dagsland og i samband med den lanseringa publiserte eg ein inderleg kronikk der eg avslørte at det ikkje hadde vore meg imot å bli kristen. Frå faen til frelse. Skulle tru det kunne verke reinsande og oppklarande på omgjevnadene. Eg har begynt å trene også, eg har klipt håret, har eg, eg kjøper til og med dyrare klede og brukar perleøyredobbar.

Men det hjelper ikkje, det hjelper ingenting, for no er filmen klar, og det er tilbake til start. Jannicke Systad Jacobsen kjøpte filmretten i 2006, men eg trudde vel knapt at prosjektet kunne realiserast og då det etter kvart såg ut til at det var aktuelt, sa eg i frå om at eg uansett ikkje ville involvere meg. Dette må du greie sjølv, Jannicke! tenkte eg, eller snarare kanskje Dette må du bere sjølv, Jannicke! Ho let seg heldigvis ikkje stoppe av denne innstillinga, og har jamt og trutt tatt kontakt for å fortelje om nye steg i prosessen mot ferdig film. Og sjølv om eg kanskje ikkje skal påstå at eg har vore avvisande, så trur eg nok ho vil vere einig med meg i at eg heile tida har vore avventande. Avventande og nervøs. Ein eksplisitt roman blir endå meir eksplisitt i teatersalen. Kor eksplisitt blir han ikkje då når han blir blåst opp på eit svært lerret i ein enorm kinosal? Og orkar det norske publikumet meir av dette, orkar norske lærarar meir, orkar norske særemneskribentar meir?

Skal eg stå inne for dette endå ein gong, eller skal eg ta avstand umiddelbart? Dette er Jannicke sitt prosjekt! Det høyrest jo positivt ut, det.

Då Jannicke fortalte meg at filmen hadde blitt plukka ut til hovudkonkurransen på Tribeca filmfestival i påskeveka, ante eg ikkje kva Tribeca filmfestival var. Eg gratulerte sjølvsagt med suksessen, og mora meg over avisoppslaga om den idiotiske omsettinga ”Turn me on, goddammit!” Det var så vidt på tale at eg skulle bli med til New York, men eg slo det raskt frå meg. Dette er Jannicke sitt prosjekt! Og eg skal på påskeferie. Dessutan har eg tenkt å vaske håret.

Først då eg fekk tilsendt lenke til den første anmeldelsen, begynte det å demre at prioriteringane mine kunne ha vore annleis. Så kom bileta frå den raude løparen. Så kom det eit ras av positive anmeldelsar. Så kom det  ein straum av oppøste twittermeldingar, oppøste twittermeldingar på engelsk. Så fekk Jannicke pris for beste manus. Så fekk eg sjå bilete av Jannicke saman med Robert de Niro.

Forfengelighet,

Forfengelighet.

Som Alma seier både i boka og i filmen: ”Eg skal flytte til New York og bli modell!”

*

Eg såg filmen første gong saman med Jannicke i midten av mai. Forholda kunne vore betre, vi sat på eit lite møterom med ein stor tv og i staden for popcorn og brus var det sjokoladekjeks og kaffi. Vi greidde ikkje å slå av lysa i taket og visninga blei opptil fem gongar avbroten av feil i overføringa frå pcen til tv-skjermen.

Og det kan ikkje vere tvil om at både Jannicke Systad Jacobsen og Helene Bergsholm som speler Alma kjem til å få oppleve ”misvisande” overskrifter. Det er også truleg at det kan bli flaut å sjå denne filmen saman med foreldre eller klassekameratar i tenåra. Men det var ikkje flaut for meg å sjå han saman med Jannicke, og eg trur ikkje ho var så veldig flau heller, ettersom ho fotograferte meg med telefonen sin der eg sat og sippa og lo om kvarandre, rørt av filmens tema, oppglødd over filmens uttrykk, glad for filmens løysingar på bokas problem.

Dette er Jannicke sitt prosjekt, og eg kan like filmen og synest han fortel ei viktig historie utan å bry meg om kva andre meiner.

Så eg gir faen.

 

Legg att ein kommentar

Epost-adressa di vil ikkje bli publisert. Naudsynte felt markert *






Kommentar *