sjølvbestemt abort, sjølvbestemt barn – tekst på trykk i Dagsavisen februar 2012

Denne teksten ligg også på Vårt Lands debattsider verdidebatt, og fekk svar frå Gudrun Kløve Jul i Klassekampen og på hennar blogg.

I debattar om abort, blir det ikkje mykje jubel dersom legar eller krfarar meiner at eit embryo har menneskeverd, slik vi har sett i dei siste månadanes diskusjonar om tidleg ultralyd og legars reservasjonsrett. Samstundes er det vanleg å understreke at abort er eit vanskeleg val for kvinna. Men kvifor er det vanskeleg for ei kvinne å velje å avbryte eit uønska svangerskap?

Det finst ikkje mange abortmotstandarar, i alle fall finst det ikkje mange motstandarar av dagens abortlov, med sjølvbestemt abort for kvinner fram til tolvte veke av svangerskapet. Derimot finst det mange som er abortmotstandarar når det gjeld seg sjølve og sin eigen kropp, og det er ikkje uvanleg å høyre frå kvinner at dei er for abortlova, men mot abort, at dei forstår at somme vel abort, men at dei aldri kunne gjort det sjølve, at dei er glade for at dei aldri har hamna i ein situasjon der dei måtte ta eit slikt val eller at abort er ei erfaring dei ikkje ønskjer i livet sitt. Eg har sagt alt dette sjølv. For meg ville abort ha vore eit vanskeleg val fordi eg tenkjer at når hjartet bankar, då er det liv. Endå vanskelegare ville det ha vore å velje seinabort dersom det skulle vise seg at fosteret ikkje var friskt. Eg har to svangerskap bak meg, og har kjent på omsorgsinstinktet og tenkt at eg har hatt eit barn i magen heilt sidan graviditetstestane.

 

Eg skriv ikkje dette for å oppmode alle andre til å føle og oppleve det same. Eg er heilt sikker på at mange kvinner ikkje synest abort er eit vanskeleg val i det heile tatt, og eg har ikkje nokon intensjon om å påtvinge desse min moral.  Men det handlar ikkje berre om kjensler og hormon, det handlar også om samvit, så eg kallar det altså ”min moral”. Og eg innbillar meg ikkje at nokon av mine veninner, uansett tankar rundt inngrepet, ville ha valt meg som følgje til kvinneklinikken i eit slikt ærend, endå eg altså er for abortlova og endå eg faktisk forstår at eg kan kome til å møte meg sjølv i døra. Og apropos debatten om fastlegar som vil reservere seg mot å henvise til abort: Om så skulle skje, ville eg nok helst sleppe å møte ein lege med ”min moral”.

 

Men det betyr ikkje at eg ikkje respekterer desse leganes samvitskvaler. Det betyr heller ikkje at eg i staden ville ha møtt ein lege som ikkje ville vise forståing for mine. Og det aller verste for meg, ville vere å møte ein som argumenterte mot dersom eg heldt på ”min moral”. I ein sterk tekst på verdidebatt.no frå mandag denne veka, fortel Siri Fuglem Berg om eit sterkt abortpress i fleire rundar etter at undersøkingar av hennar foster viste at det hadde eit alvorleg syndrom og at barnet hadde liten sjanse til å overleve. Ho ønska likevel å bere fram barnet, men måtte kjempe for å få lov. Barnet vart fødd, og levde i tre dagar, og Fuglem Berg er glad for at ho fekk møte barnet sitt i live. Ho skriv: ”Vi opplever å måtte forsvare våre valg, noe de som velger abort slipper. Vi må sloss for retten til et verdig svangerskap, et verdig liv og en verdig død for våre barn. Det legger sten til byrden i et allerede vanskelig svangerskap.”
Eg skjønar at kvinnepolitiske talskvinner i alle norske parti ikkje vil legge steinar til byrden for kvinner som syntes det var vanskeleg, men likevel har valt eller vil velje abort. Men eg saknar likevel ei erkjenning av at det ikkje berre er religiøse menn som vil verne om ufødd liv, det kan like gjerne vere kvinnene sjølve. Er ein då i ein usikker livssituasjon, og veit at ein blir ståande åleine med ansvaret for barnet, blir valet endå meir brutalt.
Like tragisk som moraliserande abortmotstand, er abortpress, som særleg unge kvinner ofte opplever, og eg skulle gjerne høyrt omsorg for også desse kvinnene frå fleire politiske parti enn krf. Då kvinnepanelet la fram sin rapport i 2010, hadde dei eit eige punkt om unge mødre. Der konkluderte dei med at unge gravide treng rettleiing i valsituasjonen og tilrettelegging etter behov om dei vel å bere fram barnet. Dei føreslo auka støtte til tiltak som Amathea og Home-Start, foreldrekurs og andre mogelege hjelpetiltak som kunne gjere valet reelt for alle, ikkje berre for dei ressurssterke.  Då Kirsti Bergstø gjekk mot sitt eige panel på dette punktet, og kalte det ”støtte til propagandavirksomhet rettet mot unge jenter for å overbevise dem om å ikke ta abort” og la til at ein heller burde støtte kampanjer som ufarleggjorde abort, sat det svært langt inne for meg å stemme hennar parti igjen. Å diskutere helsevesenets og velferdsstatens ressursbruk, er viktig nok, men er det omsyn til velferdsstatens ressursar som gjer at SV er tilhengarar av sjølvbestemt abort? Eller at AP vil innføre tidleg ultralyd for alle gravide?
Sjølvbestemt, heiter det. Lat oss vere rause nok til å tole både den eine og den andre avgjerda.

Legg att ein kommentar

Epost-adressa di vil ikkje bli publisert. Naudsynte felt markert *






Kommentar *