FADERMORD – tekst på trykk i Dagsavisen november 2011

image

I denne teksten skriv eg om boka Tale er gull av Sylfest Lomheim

 

No skreiv eg nettopp ein e-post til to tilsette i Det norske Samlaget. Eg skreiv verken kjære, hei, eller hallo, og heller ikkje takk for meg, farvel eller alt godt. Nei. Eg skreiv følgande: ”kan eg få den nulle boka til Sylfest også, så eg kan gje ho i gåve til veslesyster som studerer nordisk?”

 

Kva fortel så dette om meg? Det fortel i alle fall at eg for tida får gratis bøker frå Samlaget, som er eit norsk forlag som gjev ut bøker på nynorsk. Vidare fortel det at eg er i ein uformell relasjon med Samlagets tilsette, der eg til og med går så langt som til å bruke det utdaterte skjellsordet ”null”, utan frykt for kva dei då vil kunne komme til å meine om meg. Det fortel at eg er på førenamn med Sylfest, som mange sikkert forstår er den tidlegare språkdirektøren Sylfest Lomheim. Han har nyleg gitt ut boka ”Tale er gull”, og i følge e-posten min meiner eg noko om denne boka sjølv om eg enno ikkje har lese ho.

 

Kva for bodskap går tapt frå denne meldinga når eg sender henne per e-post i staden for å ringe eller oppsøke forlaget personleg? Vel, både stemme, ansiktsuttrykk og kroppsleg haldning kunne nok avsløre kor alvorleg eg meinte det å bruke adjektivet ”null”, men berre ordvalet, som er barnsleg og litt teit, fortel at dette ikkje er meint som ein hatefull kritikk. Eg ber nok over med Sylfest, den gamle tullingen, sjølv om han har gitt ut ei bok eg ikkje trur eg vil like.

 

Og kvifor trur eg at eg ikkje vil like boka til Sylfest? Vel, boka handlar om at det er betre å snakke saman ansikt til ansikt enn å kommunisere på nettet. Så kanskje eg rett og slett mistenkjer at han går i rette med slike som meg med denne boka? Ein annan ting ein kan utlede frå e-posten min, om ein legg svært mykje innsats i tolkinga, er nemleg at eg er ein aktiv brukar av sosiale medier. Ja, så aktiv er eg at det går ut over formuleringsevne (i alle fall formuleringsvilje)  og konsentrasjon. Sms- og chattespråket har smitta over på e-postkommunikasjonen min, fordi eg brukar så mykje tid framfor skjermen. Eg har Facebook oppe når eg jobbar med andre ting, og eg er ofte innom for å buse ut med ein lite gjennomtenkt kommentar om noko uvesentleg – sidan eg byrja å skrive denne teksten, har eg skrive åtte kommentarar og trykt fire likes, og eg har hatt ein liten chatt med ein gammal venn i Mosjøen. Og ja, eg også synest det er utidig og uhøfleg når folk prioriterer å pleie relasjonar per datamaskiner og smart-telefonar framfor å prate med folk i sin umiddelbare nærleik. Men nett no er eg faktisk mutters åleine. Eg har sjukt barn, og jobbar heimefrå mens han søv sin feberheite søvn. Og ja, eg har gjort dette kjent på Facebook, heilt sikkert til ålmen irritasjon for andre Facebookbrukarar, som helst vil lese interessante artiklar, sjå arty musikkvideoar og lese velformulerte meiningar. Det vil eg óg, men veit de kva, hjernesnobbar? Det er ikkje utan grunn at småbarnsforeldrene dominerer sosiale medier med bollepludderet sitt, kor ofte trur de eigentleg vi har høve til å komme oss ut på livet og møte andre folk? Ikkje sitt der og klag, gjer heller ei god gjerning og trykk ”liker” på neste ”noko godt i glasset”- eller ”heile familien på fjelltur!”-status du kjem over ein fredagskveld! Og ikkje tru at folk ikkje toler å bli gøymt frå nyhendestraumen din, vi merkar det jo ikkje uansett.

 

Men det var altså Sylfest eg skulle gå i rette med i dag. (Eg hadde også tenkt å gå i rette med Frode Grytten, som klaga på sosiale medier i Bergens Tidende for nokre veker sidan, men eg blei så usikker på om eg då skulle kalle det broder- eller kanskje onkelmord at eg tenkte det fekk greie seg å gå laus på Sylfest, som også er meir aktuell med den nye boka og alt).

 

Sylfest Lomheim! Eg skjønar at det kan vere vanskeleg for deg å sjå for deg kva som kan vere positivt med aktivt, nesten frenetisk nettbruk. Du har sikkert mange vener som du møter ansikt til ansikt kvar dag, som du fører interessante samtaler med, der det inngår både alvor, smil og latter som kjem til kroppsleg uttrykk som er synleg for dialogpartneren. Men eg skal fortelje deg det, Sylfest, at etter at eg begynte å bruke nettet aktivt, har eg nesten ikkje sett på tv. Eg har auka inntaket av kronikkar og lesarinnlegg med over 300 prosent, og har vidare oppdaga at det går an å lese sakprosa utan å kjede ræva av meg. Eg har til og med begynt å lese partiprogram før eg stemmer!

 

Og viss du er så redd for at folk skal bli terroristar om dei samlast på nettet, så hugs at det kanskje ikkje er så frykteleg vanskeleg å finne dei. Og når du først har funne dei, så er det ingenting i vegen med å invitere dei til eit møte ansikt til ansikt på kaffistova. Synest du skal gjere det, eg!  Og så kan du lage deg ein facebookprofil etterpå, og legge til meg som venn.

Legg att ein kommentar

Epost-adressa di vil ikkje bli publisert. Naudsynte felt markert *






Kommentar *