total hjarteformørking i Bergen – tekst trykt i Dagsavisen november 2011

– jasså, du køyrer til jobben i dag igjen?

– ja, eg gjer det gitt. Nett no er eg stuck i bilkø i Løvstakktunnellen.

– det er du kvar dag.

– nei det er eg ikkje! Når det er veldig fint vér eller fredag, hender det at vi er oppe i førti km/t gjennom tunnelen. Det er tydeleg at mange tar seg fri på fredagar.

– Men i dag er det tirsdag og full stopp.

– det er ikkje heilt full stopp, eg sklei nettopp fram minst tre billengder.

– ja vel. Kva tenkjer du på i tunnellen?

– Nett no har eg fullført studiet av baksidereklamen på bussen framfor meg. No tenkjer eg på kva Total Eclipse of the heart med Bonnie Tyler eigentleg handlar om.

– kvifor tenkjer du på det?

– fordi dei spelar han på radioen nett no. Eg har alltid trudd at det var hjartesorg som var tema for songen, men det er ikkje det, det er snarare destruktiv, altoverskyggande kjærleik som skapar hjarteformørkinga. Once upon a time there was light in my life, but now its only love in the dark.

– Fint tunneltema.

– Ja, og no nærmar vi oss tunnelopninga. Det er fint å konsentrere seg om tekstanalyse, eg brukar tida i bilen til noko nyttig.

– Eg ser det er kø ute på brua óg.

– Ja, eg veit det.

– Og så er det det der vanskelege krysset oppe med tinghuset, som verken er lysregulert eller har rundkøyring. Der har du har blitt handlingslamma fleire gongar.

– Eg parkerer på kontoret og trillar barnevogna opp til dagmammaen, så unngår eg det det krysset.

– Og det sparer du tid på?

– Nei. Slett ikkje. Men eg får jo litt trim, då.

– Det hadde du fått om du tok barnevogna på bussen også.

– Ja. Hugs at det er Bergen kommune sin feil at eg ikkje har barnehageplass i nærleiken av der eg bur.

– Er det Bergen kommune sin feil at det ikkje går an å vere ute på vakre vinterdagar?

– Eh … det går fint an å vere ute på vakre vinterdagar der eg bur.

– Men er det Bergen kommune sin feil at forureininga på Danmarksplass er den verste i Europa?

– Ja. Eg trur det. Kollektivtilbodet skulle ha vore betre.

– er det noko gale med ditt kollektivtilbod?

– Eg trur no i alle fall at bussen er veldig full om morgonen. Det er ikkje sikkert det er plass til meg og barnevogna då.

– Men bussen går temmeleg ofte.

– Ja. Men han står stuck i kø i tunnelen.

– Det gjer bilane også.

– Men i bilen kan eg sitje.

– Det kan du vel på bussen også,.

– Det skal du ikkje vere så skråsikker på.

– Busshaldeplassen din er ikkje akkurat langt ute i ruta.

– Nei. Men du kan aldri vite.

– Det er ein viss trimmande effekt i å stå også.

– barnevogna knirkar veldig.

– Kva har det med saka å gjere?

– eg har betalt parkeringsplass ut månaden.

– månadskort på bussen er billegare.

– Eg har hatt så mykje å tenke på i det siste.

– Du kan tenke på alt saman på bussen.

– dette er moralisering!

– dette er kjærleik.

– your love is like a shadow on me all of the time.

– dette er total hjarteformørking.

 

 

 

 

 

 

Legg att ein kommentar

Epost-adressa di vil ikkje bli publisert. Naudsynte felt markert *






Kommentar *