Alt var større før – tekst trykt i Dagsavisen juli 2010

Alt var større før! Flesland flyplass, til dømes, som berre for få år sidan kunne framstå som både skrekkinngytande og uoversiktleg, framstår no meir heimevant for meg enn min fordums vesle barneskule. For tre år sidan fekk eg rekna ut at dersom alle levde som meg, så ville vi ha bruk for 7,9 jordklodar, og på den tida budde eg i Odda der eg måtte ta buss over Haukeli for å komme meg til Oslo. No bur eg i Bergen og flyr til Oslo på ein time annankvar veke. Kor mange jordklodar treng eg i dag?

 

Eg veit ikkje, og nok om det, eg hadde tenkt å skrive om noko mindre farleg: Fotball-VM. For det er snart over for denne gong, utan at eg bryr meg det aller minste om kven som vinn. (Eg skal ikkje late som om eg ikkje veit kven som spelar i finalen, men eg gidd ikkje skrive namna på laga for å bevise at eg kjenner dei). Fotball-VM, ja. Fotball-VM var større før!  Fjernsynsapparata var derimot mindre før, noko min familie erfarer dagleg ettersom vårt apparat er av den billegaste modellen som var å oppdrive då lynet slo ned i det førre apparatet vårt i 2004. Forhandlaren forsikra oss om at tjukkskjermar var på veg ut og at den 28-tommaren vi hadde blinka oss ut ikkje kom til å vare i meir enn to år, toppen! Men vi kjøpte han, obsternasige og fattige som vi var. Og her sit vi framleis og myser, endå butikkmannen hadde heilt rett kva gjaldt tjukkskjermar og endå vi verken er obsternasige eller fattige lenger.

 

Nå ja, ”framleis” er ikkje det rette ordet. Vi myste ikkje før, det er først no skrifta på fjernsynet har blitt så liten at vi må lene oss framover i stolen for å få med oss stillinga i fotballkampane. Og no trur du kanskje det berre er vi som har fått dårlegare syn, og det har vi, men vi har også fått sterkare kontaktlinser, så det er ikkje det som er problemet. I følgje andre tjukkskjermentusiastar (dvs andre som ikkje har råd til/ikkje har gidda/synest det er eit statement å late vere å byte ut tven), er skrifta på skjermen tilrettelagt flatskjerm, og dermed vil ho vere lita uansett storleik på tjukkskjermen. Dette kan vere grunnen til at fotball-VM midt på sommaren ikkje lenger verkar så forlokkande – eg greier rett og slett ikkje å følgje med på stillinga! Og dermed er vegen frå auge til skjerm kortare rett ned i fanget, der lap-topen kviler med siste oppdatering frå tabloid-nettet i rettsforfølginga av Lindsay Lohan eller siste eplekjekke twitter-nytt om VM og vuvuzelas.

 

Uansett, store fotballturneringar var større før. Dei er sikkert både dyrare og meir omfattande no, men før brydde eg meg såpass at eg ikkje berre fulgte med, eg hadde også nokon å heie på. Då det var fotball-EM i Sverige i 1992, var eg så forelska i den vesle midtbanespelaren Thomas Hässler frå Tyskland at eg ikkje kunne vere med i flokken som heia på nabolandet og  outsideren Danmark. Det var dumt av meg, for det vesle drittlandet vann til slutt, i finale mot Tyskland. Så alvorleg tok eg dette nederlaget at eg bevarte kjendisforelskinga i alle fall eit halvt år, sjølv utan internett og direkte tilgang på bilete av helten, som ikkje akkurat var av ein slik art at det var bilete av han i Topp og OKEJ.

 

Så ikkje berre var alt større før i betydninga lada med meir ungdommeleg meining, det var også mykje større avstand før. Eg hugsar godt kor sjelekvervande det var då eg såg Ben Johnson i kristendomsboka i sjuande klasse – det var første gong eg såg ein nolevande kjent person i ei skulebok. I dag har eg nesten gløymt at det er bilete av meg i minst tre norskbøker. I tenåra hadde eg ein walkman som varte i fleire år, og som var like bra på sviktande batteri fordi grungemusikken eg høyrde på blei endå meir knugande. I dag har eg ei skuffe full av fullt brukande elektronisk avfall, og eg tenkjer på denne skuffa på same måte som eg tenkjer på middagsrestar i kjøleskapet – samvitet er betre om eg ventar heilt til det har mygla før eg kastar det.

 

Nei, det var ikkje nok om mangelen på dårleg samvit over ivrige flyreiser. Eg kan flybusstidene, eg kan flytogtidene, eg veit at det uansett møtetid i Oslo er best å ta 08:00-flyet, ettersom 9:15-flyet snart kan vere forseinka eller kansellert, og eg veit at folk ved gaten alltid kjem til å mumle noko om at det var for få passasjerar til at flyselskapet gadd å anstrenge seg. Eg har eit miljømedvit på eit heilt anna nivå enn eg hadde som tenåring med heimestrikka islender, likevel er hjartehamringa langt meir avmålt, og eg er meir oppteken av å rekke fram i tide til å ete frukost før eg boardar flyet enn å drive facebookengasjement for Haukelibanen med lyntog til Oslo.

 

Eg køyrer bil (men tar også bussen). Eg et oppdrettslaks og billege kyllingfiletar (men kjøper også ferskvarer).  Eg engasjerer meg ikkje mot oljeboring i Lofoten. Eg synest ikkje det er stygt med monstermaster. Kan tjukkskjerm-tven min vege opp for det?

Legg att ein kommentar

Epost-adressa di vil ikkje bli publisert. Naudsynte felt markert *






Kommentar *