LENGTEN TILBAKE TIL KJØKKENBENKEN – tekst trykt i Dagsavisen april 2010

 

 

Å, kom igjen! Lat meg få kalle det samfunnsnyttig å prioritere husarbeid framfor karriere.

 

Ein mykje omtalt kjøkkenbenkaktivitet er den livsnødvendige matlaginga. Det er langt i frå sett på som ei skam å tilbringe rikeleg tid over grytene, som det heiter, såkalla slow food skal senke stressnivået ditt og lære deg å ta deg tid til å vente på dei gode smakane. Vel og bra, eg likar mat! Likevel er det påfallande kor sjeldan vi høyrer lovprising av halvfabrikata og Fjordlands ferdiglaga middagsporsjonar, sjølv om dei utfører den stressdempande oppgåva si perfekt: Puh! Eg blei ferdig med middagen, no rekk vi å ete før ungane må legge seg.

 

Ein mindre omtalt kjøkkenbenkaktivitet, er den kanskje ikkje fullt så livsnødvendige, men like fullt nødvendige vasken av kjøkkenvifta. Om vask er det rette ordet her, er eg ikkje sikker på, kanskje skulle eg heller kalle det reinsen eller totalrenoveringa. Sikkert er det likevel at oppgåva sjeldan blir utført før skiten er så inngrodd at feittet heng i seige dropar over grytene dei ein gong forlet i form av damp. Dei færraste vil vel kalle det resirkulering når dei losnar og plaskar ned i slow fooden, denne stressdempande smaksbomba av ein økologisk vegetarchili.

 

Somme påstår at det held å vaske kjøkkenvifta i oppvaskmaskina. Ja, dersom ein vil vaske kjøkkenutstyret sitt i feitt etterpå, så kan dette vere ein god idé. Sjølv sver eg sjølvsagt til salmiakk, og tilrår i alle fall tre halvtimesbad i ei sterk oppløsying med rikeleg kokande vatn. Deretter tilrår eg at ein tar vifta med seg  på badet for ein grundig skrubb med påfølgande dusjing. Etter dette vil ei nøye gransking avsløre om det er påkravd med nye rundar i salmiakkbad, men det er det neppe. Ein kan truleg trygt gå i gang med baksekampen for å få skrudd vifta ordentleg på plass att.

 

Etterpå er ein både sveitt og lukkeleg: Jammen greidde eg det ikkje denne gongen også. Meistringskjensla er overveldande, salmiakkrusen likeså, og ein tar seg i å minne seg sjølv på alle dei andre husarbeidsoppgåvene som har blitt forsømt det siste halvåret og meir til. Då er det viktig å ikkje bli overmodig, ein orkar nemleg ikkje å sortere unganes klesskap etter ei slik tørn, ein har trass alt halde på heilt sidan Dagsrevyen, og no må ein ta seg tid til den halvtimen ein skal ha til meditasjon/ /boklesing/nettsurfing/fjernsyn, ja, fjernsyn, lat oss velje fjernsynet! før ein har nådd det rette avspente og avslappa nivået som ein må ha for å få sove sine seks livsnødvendige timar.

 

Lukkeleg er den som har tid til å gjere husarbeidet sitt, tenkjer ein, og minnest blaffet av oppstemtheit under støvsuging av stovemøblar førre helg. Og den glade studenttid, då det aldri var spørsmål om ein hadde tid til oppvask og bollebakst midt i lesinga ved skrivebordet på hybelen (det hadde ein, særleg under heimeeksamen). Eller barndommens helgevask i badekaret, etterfulgt av tannpuss og søvn i nyvaska pysj og reine sengklede. Nei, no går eg i barndommen igjen tenkjer ein, og kjenner seg både skamfull og utilstrekkeleg overfor den fulltidsjobbande fembarnsmora ein sjølv har blitt oppdratt av. Men ho hadde praktikant! argumenterer ein, før ein skamfull tar seg i å ha plassert både oppdragaransvaret og husarbeidsansvaret hos mor si. Praktikant, altså, gjentar ein for seg sjølv, og presiserer det hadde dei. Deretter ser ein for seg noko liknande i sin eigen vesle heim, og kneggar litt for seg sjølv.

 

Men det er ikkje til å komme forbi. Flatklemt av tidas krav innser ein at ein ønskjer å prioritere kjøkkenvifta framfor åttetimarsdagen. Tanken på å jobbe åtti eller sytti prosent i staden for hundre eller hundreogtjue, er meir og meir forlokkande jo meir ein tenkjer på det. Det betyr berre at du ikkje trivst i jobben din, seier den motargumenterande stemma, men det stemmer jo ikkje. Det betyr at du forherligar morsrolla. Det betyr at du synest det er trendy å vere husmor. Det betyr at du i framtida stemme på kristeleg folkeparti, du reaksjonære geit!

 

Akk o ve, det var vel dropen. Nei, det er best å halde munn om at ein vurderer å gjere eit verdival: Treromsleiligheita eller einebustaden? Campinghytta eller hotellspaet? Fiskekakene eller kamskjella? Tid med ungane eller pensjonspoeng? Ikkje sett tid med ungane opp mot pensjonspoeng, også fulltidsjobbande foreldre har tid med ungane sine! Dei berre trenar litt meir enn du orkar.

 

Eg har sagt det før og eg seier det igjen: Akk o ve! Eg skulle ønske eg hadde råd til å jobbe mindre. Det er ikkje fordi mannen min ikkje greier å vaske hus eller vise omsorg eller fordi eg ikkje forstår at eg tapar inntekt og pensjonspoeng. Det er ikkje fordi eg trur det er særleg kvinneleg å velje slik eller fordi det ”passar best i vår situasjon”. Det er ikkje fordi eg synest utdanninga mi er verdilaus eller fordi eg ikkje ønskjer å bruke ho.

 

Det er for å stresse mindre, betre humøret og gje plass for omtanken.

 

Og fordi eg vil det skal lukte grønnsåpe og slow food der eg bur.

Legg att ein kommentar

Epost-adressa di vil ikkje bli publisert. Naudsynte felt markert *






Kommentar *