Å, kvardagstraume! – tekst publisert i Dagsavisen juni 2009

Eg har sagt det før og eg seier det igjen: dårleg service er eit problem det er flaut å hisse seg opp over. Dermed blir ein gjerne sitjande oppe til langt på natt ein alminneleg tysdagskveld og vente tolmodig og med eit mildt smil på ei vaskemaskin som skulle ha blitt levert mellom klokka 16:00 og 20:00, og helst etter klokka 17:00, som det står svart på kvitt på kvitteringa. Sist vi skulle få levert noko vi hadde kjøpt, var det snakk om ei oppvaskmaskin, men då ho kom klokka 00:30 hadde budfirmaet i det minste ringt og gitt beskjed om at dei blei seine. Rett nok ringte dei ikkje før dei alt var halvannan time etter seinast lovde tidspunkt, og rett nok lova dei då å vere på plass innan ein time, eit løfte dei langt i frå greidde å halde, og rett nok var det i svært liten grad snakk om å beklage hendinga då oppvaskmaskina omsider var på plass, men pytt, adrenalinet sank tidsnok tilbake til normalnivå og dessutan hadde vi fri dagen etter.

 

Det hadde vi ikkje no. Eg skulle opp klokka 06:00. Og vi hadde ikkje nokon å ringe til for å høyre kva som var på ferde. På kvitteringa sto berre den svimlande sumen vi hadde betalt, både for vaskemaskina og for frakten. Det var like før eg la all mi skam til side og tenkte ”nok er nok” eller ”no blir det framstegspartiet på meg”, i alle fall blei mitt milde smil ørlite stivt ved tanken på kor fast eg skulle vere i målet når eg ringte til syndarane dagen etter for å fortelje korleis dei skitne kleda flaut utover golvet, og korleis eg blei freista til å ta i bruk den øydelagde maskina, som sto der og såg så fullt brukande ut at ingen kunne tru at det slo flammar ut frå henne berre to dagar før. Eg tok meg i å mistenkje at eg kanskje kunne setje på ein vask likevel? Men nei, berre eg plugga i kontakten sette ho i å visle og tsjugge håst, og det utan å vere slått på, så eg let det bli med forsøket og innsåg at eg må gå med ei skiten bukse på jobben  onsdag.

 

Det største problemet med denne situasjonen var sjølvsagt at vi ikkje hadde fått vaskemaskina vår. Det nest største problemet var avmaktskjensla mi. Eg kan ikkje fordra å seie i frå! For det første fordi eg ikkje trur det blir noko betre, og at det difor er like greitt å vere blid og forståelsesfull i staden for sur og vrang. For det andre fordi eg høyrest ut som ei gammal kjerring når eg FORVENTAR og FORLANGAR og synest det får vere grenser for kva ein skal måtte finne seg i.

 

Likevel, vi måtte jo ha vaskemaskina vi hadde betalt for, og forhandlaren kom neppe til å kaste ho etter oss, så det var inga bøn: eg måtte ringe. På slaget opningstid onsdag morgon, sat eg på kontoret i den skitne buksa mi og slo nummeret til butikken. Ingen tok telefonen, men eg ringte igjen. Eg slo på høgtalaren og la telefonen på skrivebordet medan eg venta og håpte at dei som jobba hos på butikken ikkje hadde slått av lyden, men derimot måtte ergre seg over at telefonen ringte så lystig medan dei tok seg ein (ettar deira syn velfortent) kaffikopp før dei sette i gong for alvor. I ti minutt la eg stein på stein til irritasjonen min før ei venleg stemme endeleg gav seg til kjenne. Eg treiv telefonen og nærmast brølte: JA GODDAG JA. Deretter la eg fram problemet på ein høgst amper måte før eg sa: ”så no vil eg gjerne ha svar på kva som har skjedd.” Mannen i den andre enden ba meg vente litt, så skulle eg få snakke med rette vedkomande. Rette vedkomande? kjefta eg, men han hadde alt lagt frå seg telefonen, og eg høyrte han seie ”det er ei dame som ikkje har fått vaskemaskina si. Ho er veldig sur.” ”veldig sur?” tenkte eg, ”eg skal gje deg veldig sur!” så då ”rette vedkomande” kom i den andre enden, så gjentok eg alt eg hadde sagt med endå litt høgare stemme før eg la til: ”nei, forresten, eg drit i kva det er som har hendt. Men eg FORVENTAR at de leverer maskina til oss i kveld. Dessutan FORLANGAR eg å få  tilbake pengane eg har betalt  for frakten.”

 

”uff då” sa den rette vedkomande. ”Slikt skal ikkje skje. Det er berre å beklage. Dette skal eg ordne med ein gong.” Så la han på, før eg rakk å seie at det fekk vere grenser for kva ein måtte finne seg i!

 

Fem minutt etter ringte han tilbake. Maskina ville bli levert same kveld. Eg fekk namnet og nummeret til bodbilsjåføren, samt lovnad om at eg skulle få pengane for frakten attende.

 

”Ja.. jaja, men takk, då,” sa eg, utan heilt å ha greidd å mjukne i målet. ”eg .. ehm .. eg set stor pris på at dette ordna seg så greitt”. ”skulle berre mangle, det er vi som skal beklage”, sa den blide mannen på butikken.

 

FOR eit antiklimaks. Maskina kom, vart sett på plass, virka. Eg fekk pengane mine.

Og kva er moralen? Dårleg service er eit problem det er flaut å hisse seg opp over. Du verkar berre heilt teit og fårete når det løyser seg og du ikkje lenger kan vere sint. ”og dessutan”, kan ei veninne som er butikksjef fortelje, ”baksnakkar dei deg etterpå. Den overstrøymande serviceinnstillinga når folk kjeftar, er eit triks for å få deg til å føle deg teit og fårete.”

Legg att ein kommentar

Epost-adressa di vil ikkje bli publisert. Naudsynte felt markert *






Kommentar *