JA TIL SNILLE KRISTNE! – tekst publisert i Dagsavisen mai 2009

I ei tid då kristenfundamentalistane har blitt både skremde og løfta fram i lyset med all sin homoskeptiske etikk og fortapingslære, kan det vere freistande å peike på at dei kristne også har POSITIVE sider. Og kven kan vel vere betre eigna til ei slik oppgåve enn ein fråfallen som underteikna? Eg elskar nemleg kristne, og kjenner ofte at eg sit og heiar på dei når dei står på fjernsynet med kvitt hår, nynorsknær dialekt og praktiske sko og nesten gret fordi den nye ekteskapslova er i ferd med å bli vedteken. Ikkje fordi eg verkeleg heiar på dei, det er meir det at eg synest så forferdeleg synd på dei kristne, hvis kjøkken eg er heilt sikker på er skinande reine, hvis handdukar eg er heilt sikker på ikkje er slitne av tørketromling og hvis blusar eg er heilt sikker på alltid er strokne. Der går dei og brukar tida si på å vaske kjøkenet, stryke blusar og henge opp handdukar i staden for å baksnakke, ligge med framande  og bruke narkotika, og så er det berre forgjeves alt saman.

 

Og no verkar det nesten som eg gjer narr, men det er ikkje meininga, sanninga ER at eg ELSKAR kristne, eg GJER det, og eg kjenner ei djup forvirring i høve deira fordømming av ”homofil praksis”. Eg kjenner jo kristne folk! Og alle eg kjenner er snille! Eg veit sjølvsagt at det finst kristne med stilletthælar og skitne kjøkkenbenkar, men også dei eg kjenner av den sorten, er snille. Det kunne ikkje falle meg inn å be dei gå til ein som kunne helbrede dei for sin kristne praksis.

 

Til dagleg ser eg ikkje så mykje til kristen praksis, og eg har i det siste overraska meg sjølv med verkeleg å minnast kor kristen min eigen oppvekst var. Eg vaks opp i ei bygd med rundt 200 innbyggarar, og i løpet av eitt år, vart det der arrangert heile tre basarar: Norsk Luthersk Misjonssamband og Sjømannsmisjonen heldt kvar sin basar på hausten og Det Norske Misjonsselskap heldt basar på våren. Basar var både kjekt og kjedeleg, andakt var uuthaldeleg, og sidan har eg sett ein andaktshaldar kjøpe seg ei stor flaske whisky på polet i Bergen, til kva eg opprømt måtte sende smsar til heile familien for å informere om syndefallet (og kven var då den verste syndaren? Jo, det var eg! Eg angrar!), men utloddingane var alltid like spanande. Først var det to rundar med åresal, der premiane var fruktkorger og formkaker og den slags, deretter var det sjølve hovudbasaren, der arrangørane hadde gått frå hus til hus med loddbøker i dagane før basaren. Foreldra mine brukte å setje nokre lodd på ”huslyden Namnet Til Far Min”, endå vi aldri ellers snakka om oss sjølv som nokon ”huslyd”. I tillegg sette dei eit par lodd på kvar unge, kvar hund og kvar kanin. Det var alltid like moro dersom ein hund vann noko, særleg dersom han vann ein hekleduk. For det var slike premiar det var, premiar som kvinnene i kvinneforeiningane hadde laga sjølv: pynteputetrekk, heimestrikka dukkeklede (Gud forby at ein gut vann dukkeklede, då lo alle seg nesten i hel) og filleryer.

 

I mange år etter at eg flytta heimanfrå sørga foreldra mine alltid for å kjøpe lodd i mitt namn, og det hendte rett som det var at eg fekk beskjed heimanfrå om at eg hadde vunne ein heimestrikka genser på basar. Då eg kom heim neste gong, låg gevinsten klar med ein lapp med namnet mitt festa med knappenål. Det rører meg å tenke på den skjelvande løkkeskrifta på desse små lappane. For basarane er borte no, det er berre Norsk Luthersk Misjonssamband som framleis bit seg fast, men dei har visst gitt seg med juletrefest og barnemøte.

 

Og eg veit ikkje, kanskje er det trass alt ikkje så trist, folk finn vel alltids på noko anna å samle seg rundt, eg veit at grendalaget har kjøpt seg ti spinningsyklar, og at oppmøtet på treningskveldane er bra. Dessutan kan eg jo ikkje anna enn å innrømme at eg ikkje er nokon stor fan av verken dei små heklebrikkene eller dei glorete pynteputene som folk dreiv og vann. Organisten som skulle akkopagnere dei tynne og sprø songstemmene, var aldri i takt. Det var alltid for mykje smør på pannekakene.

 

Men likevel, altså! Vi hadde slikt å gjere, vi sat no der på dei teite basarane og ante fred og ingen fare, slik var vårt liv. På barnemøtene fekk vi teikne krossar og småfuglar på plankebitar med svipenn og synge songar om Jesus. Eg kan framleis danserørslene til ”eg er trygg hos deg”, og er berre litt flau over å fortelje at eg sat og krampesong nettopp den songen ein gong eg var åleine på ein stressande biltur. Og det hjalp jo det!

 

Det kan godt vere at dei kristne eg kjenner ikkje er så snille som eg trur. Det kan også godt vere at dei er mot den nye ekteskapslova, men eg kan ikkje med min verste vilje tru at nokon av dei skriv hatske kommentarar på internett om kor helvetes syndige homofile eller for den saks skuld Palestinavener er. Og det gjer dei heilt sikkert heller ikkje. Men nokon kristne må det vere som trur at homofili berre er utanomekteskapeleg sex. Og mange andre må det vere som trur at kristendom berre er fordømming.  Men eg seier dykk: basar er kjærleik!

Legg att ein kommentar

Epost-adressa di vil ikkje bli publisert. Naudsynte felt markert *






Kommentar *