mars 2009 archive

Prøver å le av den redaksjonelle fridomen – tekst frå dagsavisen mars 2009

Lei av målpolitikk? Ja, eg og. Eg har i lengre tid forsøkt å unngå å blande meg opp i dette her nynorsk/momsfritak/redaksjonell fridom-opplegget. (= dei største avisene bør tillate/påtvingast nynorsk, for dei får momsfritak, og det har ikkje TV2 og NRK, men dei må bruke begge målformer, seier Sylfest Lomheim. Avisene svarer: Nei, for vi har redaksjonell fridom!)

 

Eg slår av fjernsynet viss eg ser reklame for ein slik debatt, og hoppar helst over lesarinnlegg som diskuterer emnet. Eg må det, for så snart eg ser den sure, sjølvrettvise tonen til redaktørane og kommentatorane som skyv den redaksjonelle fridomen framfor seg og latar som han er eit flott, nypussa skjold samstundes som dei ropar på Dag og Tid og Samlaget og ser ut til å for alvor tru at dei to småtassane må vere dei første som endrar sin strenge, målpolitiske praksis dersom det skal vere aktuelt for muskelbuntane i akersgata å vurdere å gjere det same, ja då blir eg så kvalm og hatefull at eg ikkje er til å vere i hus med.

 

Eg har ikkje lyst til å diskutere! Eg hatar måldebatt. Dessutan er eg i den faste gjengen som alltid kjem med noko drit, og synest ærleg talt at det er nokon andre sin tur. Eg har trass alt meldt meg inn i både ”vi vil ha mjølk!” og ”ja til nynorsk i Dagbladet, VG og Aftenposten” på Facebook, det burde vere nok. Men Sylfest, stakkars mann, åleine på barrikadane igjen, ok, ok, ok, her kjem også mitt bidrag i denne runden:

 

Eg har svært vanskeleg for å forstå kvifor den redaksjonelle fridomen til å bestemme målpolitikk for ei avis eller eit vekeblad skal vere viktigare enn min fridom til å uttrykke meg slik som eg kan best og helst vil. Eg er rett nok ingen journalist, og eg har heller ikkje noko imot at bokmålsskrivande journalistar siterer meg på bokmål i sine intervju. Men når eg ser at dei siterer Sylfest Lomheim på nynorsk når han blir intervjua, er det nesten som om eg ikkje blir glad på nynorskens vegner, ettersom det er tydeleg at mi røyst ikkje tel like mykje som hans, og det trass i at mi er mørkare. Det same gjeld Ottar Grepstad og Jon Fosse – kvifor får dei dette frynsegodet, og ikkje eg? Og kvifor berre dei tre, desse tre nynorske mennene som berre lyser ”nynorsk” så snart du ser dei, og det på ein slik omfattande måte at du nesten ikkje får høve til å gløyme at dei er NYNORSKE uansett kva dei snakkar om.

 

Det er ikkje det at eg har så himla lyst til å lyse NYNORSK kvar eg enn går og kva eg enn snakkar om, det vil eg ærleg talt helst sleppe. Men dersom fleire journalistar fekk skrive på nynorsk i avisene og dersom fleire nynorskbrukande faste intervjuobjekt fekk bli intervjua på nynorsk, så kanskje det hadde slutta å lyse så sterkt og farleg. Og gudane skal vite at eg ber om det, endå eg føler meg lita kvar einaste gong eg gjer det.  Eg føler meg lita og dum, eg føler meg barnsleg og trassig, og slik følest det endå eg stadig oftare svarer skriftleg på journalistanes spørsmål. Når eg blir intervjua, får eg som regel ein e-post med bøn om å svare på eit knippe spørsmål, og somme tider står det også i e-posten kor mange teikn eg skal bruke på svara mine. Og eg svarer og svarer, og så skriv eg: ”viss du lar svara mine stå på nynorsk, så skal eg bestikke deg med ei marsipankake”. Journalisten svarer ikkje direkte på dette i neste e-post, så eg spør igjen: ”Blir det nynorsk :o) :o) :o) ???”

 

Men nei, det blir jo ikkje det. Og eg vil ikkje vere ei tverr hurpe, så eg svarer : ” Aaaarg! Jaja, det var vel ikkje heilt uventa. Men det må vere lov å prøve seg. Og eg VIL seie at den «redaksjonelle fridomen» er eit tyntvegande argument når bidragsytarane til ei sak blir bedne om å skrive teksten sjølv.”

 

For er det ikkje det?

 

Misforstå meg rett, så sant eg har tid, så synest eg det er supert å få svare på journalistanes spørsmål per e-post. Eg er langt betre i skrift enn i tale, eg får betre tid til å tenke meg om før eg svarer og eg føler meg tryggare på at eg ikkje blir feilsitert. Ei heller synest eg det gjer noko å bli gjort merksam på kor mange teikn saka skal vere på til slutt, då slepp eg å ergre meg over å ha brukt tid på å skrive lange svar som likevel blir kutta ned til ein fjerdedel.

 

Likevel er det eg som gjer ein stor del av journalistens jobb når eg svarer på spørsmål per e-post. At eg dermed frigjer verdifull tid, slik at han rekk å setje svara mine om til bokmål, forstår eg jo, men hadde det ikkje vore betre om han kunne nytte denne tida til å ta seg eit stykke deilig, mjuk og aprikosfylt marsipankake?

 

Akk ja, sann, eg hoppar helst over kommenatarar som diskuterer emnet. Eg må det, for så snart eg ser den sure, sjølvrettvise tonen til nynorskbrukarane, blir eg flau og oppgitt, og gir meg til å undergrave mine eigne argument og by på kake i staden.