januar 2009 archive

Barn i alle kanalar, plag kvarandre! tekst trykt i Dagsavisen januar/februar 2009

Denne teksten var ein reaksjon på kronikken «de frivillig barnfrie» av Knut Olav Åmås.

Barn. Ja, det er eit evig mas. I dei siste par månadane har folk diskutert Knut Olav Åmås kommentar i Aftenposten om at det å vere frivillig barnlaus, er eit av dei største tabu i samfunnet i dag. Vi har sett ei rekke bekjennelsar frå folk som verken har eller vil ha barn, men som irriterer seg over å stadig måtte stå til rette for denne innstillinga. Folk berre gnagar så inderleg på dei, lurer på kvifor dei ikkje har, om dei ikkje har tenkt å få, om dei ikkje i det minste har lyst på, om dei ikkje trur dei kjem til å endre meining og bla bla bla. Vidare finst det flust av betrevitande og nedlatande foreldre i alle aldrar, som uttalar seg om kva som kjem til å skje med instillinga til ikkje-foreldrene når dei berre får litt betre tid til å kjenne på den biologiske klokka.

 

Dessutan er det så mykje barnestoff i media at ein kan bli heilt koko! Til dømes er det ein  jamn straum av småpludrande kommentarar om det nye livet som småbarnsmor og –far, og denne har sjølvsagt berre halde fram som om kommentaren til Åmås og dei påfølgande bekjennelsane ikkje hadde hendt.. Sjølv har eg levert fleire av denne sorten, og ettersom livet mitt er så sentrert kring småbarnet eg har, må eg ofte stagge lysta til å levere endå fleire. Det finst ei mengde emne eg enno ikkje har forsynt meg av: Ammebilete på facebook, ja eller nei? Barnevogn på speilblank is, raseri eller adrenalinkick? Barnevogn på bussen, miljøvenleg og praktisk eller plasskrevjande og plagsamt?

 

Vel, eg skal late det ligge, irriterande som det er å høyre om slikt. Då har eg altså vore innom to grupper som kjenner seg plaga av den andre gruppa: dei friviljug barnlause og dei som friviljug har blitt foreldre. Ei tredje gruppe er dei gravide og ei fjerde gruppe er dei som ikkje er gravide, men som har gravide veninner. Denne fjerde gruppa synest at dei gravide veninnene er så hysteriske og keisame, og så synest dei at det er irriterande å bli mint på at graviditet finst og må takast omsyn til. Den tredje gruppa synest det er leit å ikkje bli tatt omsyn til, og kan alltid finne ei rekke døme på manglande omsynstaking både frå veninner og øvrig omverd, til dømes isglatte fortau som tankelause huseigarar ikkje har strødd sand på, der barnevogner kjem glidande i sinnsjuk fart med hysteriske mødrer og fedrar på slep. (Raseri og adrenalin).

 

Ah, ja, no når eg først har late meg lokke ut på galeien: barnevogn på bussen, ja. Irritere, irritere, irritere. Kva synest eigentleg dei andre på bussen om at eg har med meg barnevogn med sutrande barn både til og frå jobb, til tider då dei fleste helst vil lene seg inntil glasruta og drøyme seg bort? Svaret er: dei synest det er høgst plagsamt, og brenn inne med ei formaning om å skaffe meg barnehageplass nærare heimen eller byrje å køyre bil. (Eller om at eg bør halde meg heime til han er minst tre! Dårlig mor!) Ikkje at nokon seier det, eg berre føler det veldig sterkt, og ser det på blikka til folk. I tillegg til at eg les meir eller mindre anonyme, og meir eller mindre hardtslåande debattar om emnet på internett.

 

Og no når eg først har sagt dette om barnevogner på bussen. Trass i iherdige forsøk på å overtyde meg sjølv om at andre folk like lite vil høyre om dette som dei vil sjå barnevogner på bussen, så bør eg vel også kunne nemne at når det gjeld bilete av mødrer som ammar, så meiner eg definitivt at slike ikkje er pornografiske, og at dei difor burde kunne leggast fritt ut på facebook, dersom dei ammande mødrene ønskjer å gjere det.

 

Min første reaksjon på innlegga om frivillig barnløyse var følgande: hah, de kan berre vere stille, vi som frivillig har skaffa barn, får også kjeft og betrevitande kommentarar frå omgjevnadane. Den neste reaksjonen var minst like sår, og handla om Knut Olav Åmås avslutningspoeng i sitt innlegg i Aftenposten, der det blei antyda at den som kom med pågåande spørsmål og overberande betreviteri overfor ho eller han som ikkje ville ha barn, oppførte seg slik fordi vedkommande angra på sine eigne barn.  For min del føltest dette insinuerande poenget nærast som ei knebling, ettersom eg byrja å lure på om det var mogeleg å seie noko som helst om dette emnet utan  å stå i fare for å kunne tolkast i ei slik angrande lei.

”det er vondt å tru seg mislikt på bussen pga sutrande barn i barnevogn”.

Aha! Du angrar!

”NEI! Og eg bryr meg ikkje om eventuell misliking, og er immun overfor barnets bussgråt.”

Aha! Du lukkar øyra for gråt fordi du ikkje greier å oppdra barnet ditt, du angrar! ”NEI! Barnet mitt gret aldri og er alltid nøgd, sjølv på bussen føretrekk han stille kontemplasjon framfor høglytt stadfesting av at han er til.”

Aha! Du har skapt ein forknytt liten angstklump, du angrar!

 

NEI! Men nokon perfekt barneoppdragar er eg så men ikkje, og endåtil held eg klokeleg munn kvar gong eg lurer på om nokon frivillig barnlause har tenkt å få seg barn eller ei, endå eg faktisk lurer på det, eg lurer på OM dei har tenkt på barn. Men gudane skal vite at eg ikkje torer å spørje, i frykt for å bli tolka som fordømmande eller invaderande.