KVIFOR IKKJE RIME? tekst trykt i Dagsavisen november 2008

Det hender eg lurer på kvifor nesten ingen poetar no til dags skriv dikt på rim. Vil ikkje poetane at folk skal lære dikta deira utanboks? (runde, rare, rulle rusk / raspet rips på Ibsens busk) Vil dei ikkje at dikta deira skal deklamerast i konfirmasjons- og bryllaupstaler? (men no kjem eg for å sei deg / noko du sa først til meg / du skal få høyre at: eg elskar deg)  Seiast fram rundt leirbålet? Trekkast fram i inderlege samtaler mellom elskande eller mellom friske og døyande? (ja, før du mister din krones gull / da er jeg muld) Deklamerast i politiske taler?

 

Sjølv kan eg diktet ”Til ungdommen” utanboks, i alle fall kunne eg det då eg gjekk på ungdomsskulen og deklamerte det snusfornuftig framfor klassen på eige initiativ. Det er freistande å påstå at det er først no eg skjønar innhaldet fullt ut, men eg må innrømme at det berre er noko eg seier fordi eg i skrivande stund oppdaga at eg ikkje kan diktet lenger. Eg fann det difor fram, og blei så rørt av innhaldet at eg trudde det var først no eg forsto det: ”Edelt er mennesket / jorden er rik! / finnes her nød og sult / skyldes det svik.” Sanninga er likevel at eg forsto det godt då eg song og deklamerte diktet i tenåra, eg har berre gløymt kor oppvakt og kjenslevar ein tenåring eg var, ettersom eg no er vaksen og kynisk vorten (jamfør Bjørn Eidsvågs song ”Endelig voksen”: Tenk, jeg trodde jeg kunne / Gjøre noe med verdens urettferdighet og nød / Tenk jeg trodde jeg kunne / vise verden at vi blir feite av de sultnes brød / Tenk, jeg ropte ut at rasehat og tyranni, / Sult, tortur og slaveri er noe vi kan rette på / Hvis bare enda flere vil forstå, men // Nå har jeg fått se at livet har så mye mer å gi / Når jeg bryr meg om de nære ting og ellers lar det skli / Nå klager jeg på skatten og nyter hjemmets lune fred / Nå er jeg endelig voksen”)

 

Men altså: kvifor skriv ikkje poetane no til dags på rim? Kvifor overlet dei riminga til bursdagshelsingsforfattarane (gratulerer med dagen, ei helsing du får)og humoristane? Eg har absolutt ikkje eit vondt ord å seie om Arne Hjeltnes og Jon Hjørnevik, men nokon Nordahl Griegs er dei trass alt ikkje, noko vi snart kan slå fast dersom vi ser litt nærare på denne tredjestrofa frå eit shortse-dikt av Hjørnevik: ”Shortsen kan minnast,  då far min var rask / og jogga atletisk, og mor fall pladask. / Shortsen veit meir, enn mannen i månen. / Shortsen var med, då far laga sonen”. Ikkje så inderleg, ikkje så alvorleg, ikkje så politisk, men heller ikkje noko gale med denne diktstrofa. Med mindre vi skal vere strenge og pirke på ”mannen i månen” og lure på om han eigentleg er med berre som eit slags naudrim, lite som han truleg veit om noko som helst. Elles er rytmen eksemplarisk, oppbygginga og (den rett nok forventa) punchlinen likeså. Rim har trass alt den fordelen at dei skapar ei ekstra forventing hos lesaren, ikkje berre ei forventning om kva konklusjonen kjem til å vere, men også ei forventing om korleis rimet kjem til å gå. rask – fall pladask, mer å gi – lar det skli. Jorden er rik – skyldes det svik. Ja, kvifor ikkje?

 

Eg har høyrt det meint at riming er umogeleg i dag, det er berre mogeleg i barnedikt. Ein føler liksom at ein tullar viss ein prøver seg med noko riming, det verkar useriøst, det skuggar for refleksjonen, det øydelegg for det sublime og forkludrar det gåtefulle. (Ikkje heilt ulikt korleis eg føler at innleiinga til denne teksten ser ut, med alle dei litt pompøse dikt-linjene blant mine litt oppstylta spørsmål, som ein når alt kjem til alt aldri kan vere heilt sikker på kor alvorleg eg meiner.) Eg har også høyrt det meint at lyrikken gjer seg best saman med musikk, og at det difor er litt unødvendig å lage noko anna enn songlyrikk, som jo framleis er noko som når ut til mange. Dikt på rim utan musikk – kva er vitsen med slik halvfabrikata? Vidare kan ein pirke på dette med forventinga til rimet; er ikkje det å vere oppteken av rimet som skal komme like dumt som å vere oppteken av korleis folk som er uvande med å vere på fjernsyn greier seg? Skal ein ikkje alltid halde fokuset på innhaldet i det dei seier?

 

Jo. Men hovudpoenget står likevel ved lag – du hugsar dikt som rimar. Lat meg slenge ut nokre diktlinjer etter minnet, Olav H Hauge: ”Ingen har varda den vegen du skal gå / ut i det ukjende, ut i det blå” (ok, her kan vi pirke på det uvande ordet ”varda”, men eg kan godt forklare det: å varde noko, er det same som å skilte noko. Ingen har sett opp skilt på vegen din.) Tor Jonson: ”nærast er du når du er borte / noko blir borte når du er nær / dette kallar eg kjærleik / eg veit ikkje kva det er”. Halldis Moren Vesaas: ”så lenge eg veit du vil koma iblant / som no over knastrande grus / og smile glad når du ser meg stå her / skal eg ha ein heim i mitt hus”. (ok, eg sjekka linje tre, men det er berre fordi rytmen er rar. Og ok, det var ”knatrande” ikkje ”knastrande”)

 

Så altså: eg veit om ein del svar på spørsmålet, men eg spør likevel, for eg har lyst til å lese nye dikt på rim: Kvifor rimar ikkje fleire av poetane? Vil dei ikkje at dikta skal kunne lærast utanboks? Vil dei ikkje oppnå lesarens oppstemte sukk ved framseiing, også ti år etter første gongs innøving?

 

 

 

Legg att ein kommentar

Epost-adressa di vil ikkje bli publisert. Naudsynte felt markert *






Kommentar *