Eg hatar kunst! – tekst trykt i Dagsavisen oktober 2008

Alle hatar kunst. Det vil seie, absolutt alle hatar nok ikkje kunst, men mange hatar kunst. Eg vil tru at dei fleste hatar kunst. I alle fall hatar eg kunst. Ikkje er eg flau for å sei det heller. Eg skjønar ikkje eit plukk av rotter på glas, og hatar av den grunn rotter på glas. Eg skjønar altfor mykje av performancar, og difor hatar eg performancar.  Alle performancar har den same bodskapen: SNAKK MED DEI ANDRE PÅ BUSSEN! Arrgh! Eg VEIT jo at eg må det, eg har visst det sidan eg gjekk på barneskulen, då eg skreiv ei novelle som handla om nettopp dette. (fem framande på ekspressbusen skuler på kvarandre, men i løpet av bussturen blir dei vener på tvers av rase, alder, kjønn). Og eg snakkar med dei andre på bussen viss både eg og dei er i det rette humøret, men viss eg ikkje hadde gjort det, så hadde det kanskje  irritert meg endå meir at performancekunstnarar ålar seg rundt og tvingar folk til å tenke over dette absurde at vi sit saman på bussen og ikkje snakkar med kvarandre, men heller stikk nasen ned i ei avis eller drøymer oss bort i the soundtrack of our lives på i-poden. Arrgh! Lat oss no vere i fred, dumme performancekunstnarar! Eg hatar det de driv med, de er så påtrengande når de kjem innanfor folks intimsoner og gjer noko flaut berre for å undersøke reaksjonen; eg hatar dykk noko heilt vanvittig intenst når de går inn i heisen og gir dykk til å fise eller rape eller rope. Eg skulle ønske de fekk dykk ein på tygga!

Eg hatar ikkje poesi, men at andre hatar poesi, kan eg godt forstå. Arrgh, alle dei der små tulledikta som verken rimar eller lagar rytme eller gir umiddelbar innsikt, kva er VITSEN? Kvifor tvingar de dumme poetar oss til å bruke så lang tid på å setje oss inn i dikta dykkar? Eg forstår også at andre hatar kortprosa, tankestraumsmonologar for ikkje å snakke om romanar som bryt med normal dramaturgi, eller som beskriv sexliv og kroppsvæsker. Sjølv hatar eg jo biletkunst med innslag av sexliv, kroppsvæsker eller nakne kunstnarar. Små videosnuttar på kunstutstillingar er eg heller ikkje særleg begeistra for, eg mistar tolmodet med det same dersom eg kjem midt i snutten. Dessutan irriterer det meg alltid at det som føregår på den vesle skjermen (som gjerne står på golvet slik at eg er nøydd til å bøye hovudet på ein vond måte) er så kaotisk og ubegripeleg.

Arrgh, arrgh, for ikkje å snakke om kritikarane! Og kuratorane, og journalistane! Og tidsskriftredaktørane! Kunstvitarar, som er så hjelpelaust vriene i ord, som er så snusfornuftige og fornærma, som alltid skal løfte nasa og snakke om kvalitet og kva folk går glipp av som ikkje kjenner si besøkelsestid, som brukar innforståtte omgrep frå kunst- og litteraturutdanninga når dei beskriv eit kunstverk eller ei diktsamling – åh, eg berre hatar kunstkjennarar! Eg hatar at dei går i forsvarsposisjon når folk hatar kunst og litteratur! Eg hatar at dei ikkje berre er blide og villige til å forklare seg, eg hatar at dei blir fornærma over folks hat mot det dei er opptatt av!

Og ja, no ser vi korleis fordommane mine stiller seg ut i all si gru, noko så gjennomsiktig! Tru no likevel for guds skuld ikkje at eg med dette prøver å vise at eg eigentleg elskar og forstår kunst og kunstvitarar, og at eg no har lurt deg til å lese gjennom heile dette raseriutbrotet berre for at du skal komme fram til ei slags innsikt om at kunst er så bra som har denne verknaden på folk, og raseri er berre eit steg på vegen mot ny innsikt. Jada, jada, jada, det er jo akkurat slik det er, men eg meinte ikkje å lure deg, for nettopp dette er den aller viktigaste grunnen til at eg hatar kunst og kunstkritikarar: eg greier ikkje å avfeie kunst, eg greier ikkje å hate han så hardt at eg nektar han retten til å eksistere, for det er jo sant at vi treng brot og hakk i det tabloide, kvardagslege og vanlege. Det er jo sant!

Men eg likar best å slappe av på sofaen og ete druer medan eg ser på fjernsyn eller spelar x-boks, eg likar å prate vanleg om vær og kjendisar med folk eg møter på bussen, eg likar å stå i heisen utan at det skjer noko tull, eg likar å høyre lydbøker der eg anten får gråte ein skvett eller der eg får det eg ventar på. Og så kjem berre kunsten og forstyrrar dette sytalause og forutseielege med alle sine nyansar og med alt sitt spytt og alt sitt brot med kvardagsspråk og vanar. Og eg blir så provosert av at eg er nøydd til å forhalde meg til det, av at eg blir tvungen til å ta stilling. Igjen og igjen og igjen! Men samstundes, arrgh!

Eg hatar at det er slik eg må slutte denne teksten! Eg hatar at eg ikkje greier å hate kunst!

 

Legg att ein kommentar

Epost-adressa di vil ikkje bli publisert. Naudsynte felt markert *






Kommentar *