Slapp av! Eller konsentrer deg! – tekst på trykk i Dagsavisen august 2008

Ikkje bruk meir enn åtte sekund på denne kommentaren.

Det å sjå på fjernsyn, er 50 % meir avslappande enn å sove. Det sa i alle fall årets vinnar av nordisk råds litteraturpris, Naja Marie Aidt, då eg møtte henne i Nord-Norge (eller Melbu, som det heiter i Nord-Norge.) for nokre år sidan. Eg trur i alle fall at det var det ho sa. Det var i alle fall noko med at det var meir avslappande å sjå på fjernsyn enn å sove. Eller var det det at du brukte færre hjerneceller når du såg på fjernsyn enn når du sov? Eg hugsar ikkje heilt, men uansett: eg stolar på at Naja Marie Aidt har rett, vinnar av nordisk råds litteraturpris som ho er. Den som har vunne nordisk råds litteraturpris, greier nok å konsentrere seg i fleire enn åtte sekund av gongen, og kan såleis skaffe seg slik informasjon.

 

Sjølv har eg problem med konsentrasjonen, så det burde vere deg ei gåte korleis eg greier å skrive ein heil signert-artikkel. Særleg når eg har meir lyst til og større behov for å sjå på fjernsyn (viss ikkje det blir ny kameravinkel kvart åttande sekund, må eg zappe) i staden for å uttrykke meg. Og då helst realityfjernsyn. Eg vart svært overraska då eg fann ein kommentar her i Dagsavisen førre laurdag der det vart slått fast at folk ikkje ser på realityfjernsyn lenger. No las eg rett nok ikkje meir enn åtte sekund av kommentaren, så eventuelle nyansar kan ha gått meg hus forbi. Særleg ettersom eg brukte flesteparten av dei åtte sekunda på det sexy stillbiletet frå den danske versjonen av realityserien Paradise Hotel, som for tida går på norsk tv3. Resten av sekunda brukte eg til å leite etter det som sto om Paradise Hotell i kommentaren, for så å finne ut at berre 70000 sjåarar følgjer med, trass i serien potensielt provoserande innhald: sex og svik. (Naja Marie Aidt er forresten også dansk, sa eg det? Men ho er ikkje med i Paradise Hotell.) 70000 var jo ikkje så mange. Og eg er ikkje ein av dei lenger, men det er ikkje fordi eg ikkje er interessert i seriens avslappande innhald, men derimot fordi serien går altfor seint på kvelden for dei som må opp klokka seks dagen etter. Og slik sett kan ein kanskje slutte at det ikkje er sant at det er meir avslappande å sjå på fjernsyn enn å sove. Eller vart eg provosert av det sexy og svikefulle innhaldet, utan å legge ordentleg merke til det sjølv? Eg må tenke meg om. Hmm. Ja, eg blei det. Eg brukte nemleg å ytre skjellsordet ”drittfolk!” eit par gongar per episode i den korte perioden  eg fulgte med. Det tyder jo på ein viss grad av provokasjon som braut inn i avslappinga. Naja Marie Aidt kan framleis ha rett.

 

Men eg tvilar på at ein kan trekke følgande konklusjon: det er ikkje nødvendig å sove,  ein kan sjå på fjernsyn heile natta. Og eg tvilar også på at eit program som Urix er 50% meir avslappande enn å sove, endå programleiaren heiter Sigrun Slapgard. Og det er neppe berre fordi dei i dette programmet sjeldan skiftar kameravinkel etter åtte sekund.

Men dette med åtte sekund, kor har eg eigentleg det i frå? Naja Marie Aidt sa ingenting om åtte sekund. Nei, no veit eg det: det er frå ein episode av The Simpsons. Bart Simpson sa at han ikkje greidde å konsentrere seg … nei, det var hugse, det var det, han greidde ikkje å hugse lenger tilbake enn åtte sekund! Trur eg. Og det var fordi han hadde sett så mykje på fjernsyn, at han var så prega av fjernsyn-mediets måte å presentere stoffet sitt på.

Åtte sekund! Eg nemner talet gong på gong, men likevel dvelar eg alt for lenge ved kvart moment. Eg skulle jo også seie noko om korleis internettet øydelegg konsentrasjonen. Internett øydelegg konsentrasjonen! Eg har i alle fall lese at folk no til dags sjeldan les meir enn ingressar og overskrifter, og at kunnskapsnivået vårt difor raknar. Det stemmer for mitt vedkommande. Men eit nivå kan ikkje rakne, kan det vel? Nei. Kunnskapsnivået dalar. Ned i skjul? Nei det synk. Synk er det rette ordet! Og konsentrasjonsevna, ho blir dårlegare. Du kan ikkje zappe på internett, for det seier ikkje zapp, men du kan klikke deg gjennom den eine biletserien etter den andre og bli kjend med nye amerikanske kjendisar som du elles aldri ville ha hatt grunn til å bry deg om. Dette er svært avslappande, og du får dårleg haldning og bøygd rygg.

Nei, der mista eg tråden igjen! Kva var det eg skulle fram til? Hm. Eg har nemnt namnet til Naja Marie Aidt fem gongar. Det er noko med henne. Ja! Novellesamlinga som ho vann nordisk råds litteraturpris med, heiter Bavian. Og det var det eg skulle fram til: Bavian. At eg no var ein bavian, etter all denne konsentrasjonslause avslappinga mi. Haldninga er dårleg og ryggen er bøygd. Når alt kjem til alt, er det betre å lese ei novellesamling med tittelen Bavian enn å vere ein bavian sjølv. Endå det tar minst 10800 sekund å lese.

 

Legg att ein kommentar

Epost-adressa di vil ikkje bli publisert. Naudsynte felt markert *






Kommentar *