Feministiske paroler for småbarnsmødre – tekst trykt i Dagsavisen juli 2008

Eg er ikkje redd for å kalle meg feminist, men det burde eg kanskje vere. Ein ting er no det at ingen andre enn muslimane, rasistane og dei ”venstre vridde intellektuelle” blir hetsa meir på internettet enn det feministane blir, men dette er ikkje nødvendigvis noko stort problem. Det ansiktslause internettet kan nemleg fortrengast til fordel for samtalar med verkelege menneske der eg sjølv kan forklare kva eg legg i ordet feminist. Då skjønar nok dei verkelege menneska  at feminisme er eit så vidt og flytande omgrep at dei sjølve også kan kalle seg det, utan at brysta sig ned til navlen av den grunn.

 

Men denne frie flyten av meiningsinnhald er eigentleg også ein grunn til å vere redd for å  kalle seg feminist: eg er så lat, og orkar ikkje skaffe meg tilstrekkeleg oversikt over korleis eg kan vere konsekvent feminist. Det er litt det same som føregår når eg skal drive med rettskriving og må passe på at eg ikkje vekslar mellom ”å bli” og ”å verte” i same teksten. Og så er det litt det same som når det er val og eg skal bestemme meg for kven eg skal stemme på: eg byrjar med eit forsett om å lese alle paritprogramma og å plukke,  jamføre og vege. Men så gidd eg ikkje likevel, og set heller på ein cd med Gatas Parlament. Og så fniser eg litt og så huffar eg meg over dei drastiske tiltaka som blir føreslått i tekstane, men til slutt blir eg likevel ein overtydd ”venstre vridd intellektuell”. Når det kjem til feministisk argumentasjon, så held eg meg til det trygge: eg avfeiar ”ekstrem”-feministar utan å ha sett meg ordentleg inn i kva dei står for (og utan å reflektere over at ”ekstrem venstrevriding” ofte innbefattar ”ekstrem feminisme”), og snakkar mildt og blidt om meir moderate standpunkt både globalt og nasjonalt: likeverd, likeløn og kamp mot overgrep og undertrykking.

 

No gjer eg meg ganske mykje dummare enn eg er, og verre skal det bli:

Alt dette er eigentleg vel og bra. Hovudproblemet mitt no er berre at eg ikkje er sikker på om det går an å vere mamma og feminist samstundes.

 

I høve til den svære mamma-industrien er det lett nok; då er det berre å fnyse over at reklamen for vaskeserviettar, bleier og babymat er innretta berre mot mødre. Men det blir verre når det blir snakk om pappapermisjon, for kva er mest feministisk: Er det å krevje mest mogeleg heimetid for mor fordi barnet har meir bruk for mor enn far, og/eller fordi mor må ha tid til å bygge opp kroppen sin att? Eller er det å krevje mest mogeleg heimetid for far, for å forsikre seg om at han tar sin del av ansvaret og/eller for å dempe arbeidsgjevarane sin angst for gravide kvinner? Eg veit ikkje. Og det hjelper ikkje noko særleg å google det heller, ettersom usemja er så stor. Så eg får berre stå ved mitt eige syn på saka, som er det argumentet som står etter ”og/eller” i ikkje førre setning, men den før ”eg veit ikkje”.

 

Men det gjenstår mange problem. Skal du klage på eller å rette seg etter avisframsider om kva du bør nekte deg når du er gravid? Skal du nekte for eller innrømme at hormona gjer deg koko når du er høggravid og når du ammar? Ja, skal du eigentleg amme når du er feminist? Og viss ja, kan du gjere det kor som helst?

 

Det er lett å finne kvinner (her inkluderer eg meg sjølv) som synest det er utmattande og irriterande at så mange filmar og bøker framstiller giftarmål og morskap som ei kvinnes inste ønskje og høgste mål. Det har også blitt skrive enormt mange petitar, kåseri, kronikkar og lesarinnlegg om kor keisamt det kan vere å vere den einaste single, barnlause veninna i flokken av nybakte mødrer som berre vil snakke om babyens nyaste triks og bæsjebleier.

Men kor mange tekstar blir henta fram på framsida av nettavisene fordi dei handlar om å vere den einaste småbarnsmora i veninneflokken av single festløver som berre vil snakke om den siste turen sin til Ayia Napa? Og kor ofte må ikkje ei nybakt mor få høyre frå veninnene sine at det er best ho ikkje snakkar for mykje om babyen, ho vil vel ikkje vere sånn som dei i den kiwi-reklamen? Eg har ei veninne som fortalte at ho hadde vore på kafé med ein temmeleg ny liten unge, og at det hadde gått bra (det vil seie: han skreik ikkje, ho sveitta ikkje). Like etter unnskulda og huffa ho seg, ettersom ho no hadde blitt ei slik caffe latte-mor som hadde med seg barnevogna på kafé og slik var i vegen for andre folk som ville ut og drikke kaffi.

 

Kom igjen! Barn er ein del av livet, og det er ikkje til å komme bort i frå at det særleg er ein del av kvinnelivet. Du burde ikkje måtte vere livmorfeminist for å våge å vere oppteken av ungane dine i sosiale lag utanfor barselsgruppa. Difor føreslår eg følgjande parolar til neste års 8. mars-tog. Gravid? Ja, det er berre å ete!  Tol barnevogner på kafé, fortau og trikk! Ja til fleire stellerom på offentleg stad!  Tol å høyre om søvnlause netter og tenner som sprett fram så blodet sprutar som forklaring på kvifor småbarnsmora ikkje orkar å høyre på at du klagar på at du måtte stå opp klokka sju for å rekke flybussen! Nei, eg treng ikkje ha babyen med meg på kino! Tol å høyre om mødrer som vel barn framfor karriere (og omvendt)! Det var hormona som gjorde meg paranoid, elles er eg både intellektuell og rasjonell! Nei til barnevognfrie kafear! Ja, det finst viktigare feministiske kampsaker! Men dette er også ei!

 

Legg att ein kommentar

Epost-adressa di vil ikkje bli publisert. Naudsynte felt markert *






Kommentar *