Krenka og knebla – tekst trykt i Dagsavisen juni 2012

Eg tar snart ikkje orda på alvor lenger. Men den grove sjikanen av komikaren Amir Asgharnejad, viser at det er all grunn til å hugse kva dei betyr.

I Norge blir folk knebla heile tida, i alle fall om vi skal tru norske aviser. Hanne Nabintu Herland blir knebla over spaltemeter etter spaltemeter, og Per Sandberg erklærer seg knebla frå stortingets talarstol. I førre veke var det nesten min tur. Filmen Få meg på, for faen, som er laga av manusforfattar og regissør Jannicke Systad Jacobsen, men basert på ei av mine bøker, har blitt vist på ei rekke indiekinoar i USA. I Tuscaloosa, Alabama skulle han visast, men blei tatt av plakaten etter protestar frå kristne i området og etter antydingar frå ordføraren om bortfall av økonomisk støtte. Eg veit ikkje om det var medieoppslag i USA og Norge som gjorde at Kulturrådet ved kinoen snudde, men enden på visa er i alle fall at dei gjorde det – interesserte i Tuscaloosa får likevel sjå filmen. Men kan eg love at den provoserte pastoren ikkje blir krenka om han går og ser Få meg på, for faen? Nei.

I 2007 produserte og sende NRK den animerte satireserien Halvseint. Det var ein talkshowparodi der alle deltakarane gjekk utan klede på underkroppen, og som hadde fleire fantastisk morosame sketsjar. Det som sit best att i minnet, er eit innslag der programleiaren møter den muslimske imamen Ali Al Arian, som demonstrerer kvar grensa går for krenking av religiøse menneske. For kristendommen går grensa ved eit opp-ned kors, men det går bra om korset står 170 grader på skeive. For muslimar har du gått for langt om du har eller antydar at du har teikna Muhammed. Du kan skrive M og U under ei teikning, men skriv du M U H eller meir, har du gått over streken, og muslimen må dobbeltkrenke deg med å snu eit kors opp ned to gongar.

Eg lo jo godt av dette, og syntes i grunn det kunne vere ein grei måte å komme unna med Muhammed-karikaturar på. Eg lærte på ungdomsskulen at det ikkje var lov å avbilde Muhammed, og har aldri tenkt at eg skulle ha nokon grunn til ikkje å respektere dette forbodet. Også andre religionar vernar om det heilage, og det er ikkje vanskeleg å forstå at mange treng å halde noko reint og ubesudla, særleg i vår tid. I striden rundt karikaturane stod reaksjonane overhodet ikkje i forhold til provokasjonen, og det blei tydeleg for dei fleste at det hender provokasjonar er nødvendige, eller i det minste at også dei unødvendige må vere tillatne.

 

Personleg ønskjer eg ikkje å vanheilage noko som helst, men det finst nok dei som synest eg har gjort det, ikkje berre i Tuscaloosa. Det er eg ikkje upåverka av. Eg meiner framleis at vi skal ha respekt for kvarandres livssyn og livssituasjonar, både i debatt og elles, og særleg som gravid stengjer eg konsekvent ute alle stader der eg har erfart at det kan førekomme sjikane, mobbing eller unødvendig hard tone. Det vil seie at eg prøver å unngå alle kommentarfelt og sjeldan er innom twitter utan å avfølge nokon. Ignorering er heldigvis ikkje det same som knebling, og som mange stadig er inne på, motseiing er det heller ikkje.

 

Eg veit ikkje kva eg skal kalle det når ein kino i Alabama fjernar ein film frå reportoiret etter protestar frå lokale kyrkjelydar. Alt første gong eg las om saka, tenkte eg at den stakkars pastoren aldri i livet kom til å vinne. Heile merksemda rundt hendinga i Tuscaloosa, blei ein vinn-vinn-situasjon for filmregissør Jannicke Systad Jacobsen – og for meg. Vi kan skrive om nesten-sensuren på CVen om vi vil, i alle fall blir det ei god historie og ein god sjanse til å skape endå meir blest om filmen og boka. Det var aldri nokon som ville forfølge oss eller kaste oss i fengsel, og når saka nådde media, måtte dei som ville fjerne filmen forklare seg og tole å bli motsagt i full offentlegheit. Eg var aldri knebla.

 

Komikaren Amir Asgharnejad laga humorinnslag frå Eurovisionarrangementet i Baku, der han gjorde narr av både Iran og Aserbadsjan som land med totalitære og fundamentalistiske myndigheiter. Han blei grovt sjikanert og truga på livet på flyplassen på veg heim. Personleg hadde eg aldri fått med meg stunta hans om det ikkje var for at det han opplevde på flyplassen blei offentleg kjend, og kanskje hadde eg ikkje eingong trudd at satiren var treffande om den hadde fått passere.

 

Men det er ikkje relevant korvidt han var treffande eller ikkje – eller korvidt han var morosam eller ikkje, for den sakas skuld. Sannsynelegvis krenka han mange med det han gjorde, men den verste krenkinga var det han sjølv som blei utsett for. Når ein mann opplever å bli innestengt, avkledd og truga på livet, er det noko heilagt som blir truga. Først då nærmar vi oss knebling, og då må vi alle stå på hans side.

 

Legg att ein kommentar

Epost-adressa di vil ikkje bli publisert. Naudsynte felt markert *






Kommentar *