Pappa kom heim – tekst trykt i Dagsavisen april 2008

Ettersom eg nettopp er ferdig med ein fødselspermisjon, er det inga bøn: eg må kommentere forslaget om tvungen tredeling av fødselspermisjon. Dette forslaget vart lagt fram medan eg var i tjukkaste ammetåka, og eg har berre eit ullent minne om at eg har svart på 8.mars-spørsmål frå ei avis om emnet. Eg sa heilt sikkert snusfornuftig at ”kvar og ein familie må få bestemme sjølv korleis dei skal dele permisjonen”.

 

Så vidt eg veit, kjenner eg ingen som meiner noko anna heller, endå standpunktet er like kjedeleg som å høyre nokon fortelje om halvtimeslange telefon”samtaler” med NAV. Dessutan verkar det som om heile debatten har falle litt frå kvarandre etter Jens Stoltenbergs bestemte nei, det blei trass alt framført med Anniken Huitfeldts trebarnslange morserfaring i ryggen.

 

Og det er ikkje det at Anniken Huitfeldts trebarnslange morserfaring er noko meir eller mindre verd enn andres erfaringar. I den grad eg har sett emnet debattert, så har det stort sett vore dei personlege mors- og farserfaringane som har blitt lagt fram. Det vil seie; dei personlege morserfaringane, førte i pennen av anonyme innleggsskribentar i aviser og på nettforum.

 

Desse innlegga handlar om amming. For somme er kjensleladde avisinnlegg om amming like kjedelege som .. ja, NAV, men dei må no ein gong med i ein slik debatt, og det meste som er skrive og sagt av mødrer i eit nyfødd barns første levemånader, er nokså kjensleladd.

– Eg hadde ikkje nok mjølk, og på helsestasjonen tvang dei meg til å amme kvar time, endå eg hadde brystbetennelse og ungen hadde kolikk, gret somme blodig i spaltene, og legg deretter til at dei haldt ut i tre månadar før dei gjekk over til erstatning, noko dei skulle ønske dei hadde gjort lenge før, for barnet blei mykje gladare då det fekk flaskemjølk! – Hah! seier andre, – eg høyrer dei seier at det kan bli bra folk av ungar som ikkje har fått morsmjølk. Mykjeseiande punktum. Andre legg gjerne til at det er eit uomtvisteleg faktum at dersom ungen din hadde blitt fødd for 1000 år sidan, så hadde han døydd viss du sat der med brystbetennelsen din og gav opp å amme fordi du syntes det var vondt! Så du er svak og veik, dårlege mor der du står, utkvilt og fresh og smiler medan du viser fram nykokte flasker til tørk på eit blendareint kjøkkenhandkle.

 

Og no overdriv eg sjølvsagt litt. Men det er likevel denne typen debattar og denne typen erfaringar som gjer at det nesten ikkje går an å ta noko anna standpunkt enn at ”kvar og ein familie må få bestemme sjølv korleis dei skal dele permisjonen”. Ei hormon- og mjølkesprengt mor skal du ikkje kødde med. Og viss nokon skulle meine at det var ei  kvinnediskriminerande utsegn, så tar dei feil. Like lite kvinnediskriminerande er det å peike på at kvinner har mensen.

 

Men det betyr ikkje at debatten om deling av fødselspermisjonen berre skal handle om kvinners hormon og mjølkeevne. Vi veit nemleg svært mykje om kvinners hormon og mjølkeevne, og dersom vi vil vite meir, så kan vi surfe på nettsider som til dømes heiter snartmamma.no eller nybaktmamma.com, vi kan lese bøkene til Gro Nylander, og så vidare, og så vidare. Problemet med fleire av desse informasjonskjeldene, er at dei slår fast at far er ein annanrangs omsorgsperson, og det med ei bevisføring som går ut på at det berre er slik det er, ettersom det er vanleg at kvinner lener seg over ei vogn med eit nyfødd barn og seier ”åååh” til mora, medan menn gjerne held seg litt unna, og i staden slår faren litt karsleg på ryggen og gratulerer med ungen som vore han ein stor fisk far hadde halt på land med fiskestonga si.

 

Når det gjeld heilt nyfødde barn, så er far ein annanrangs omsorgsperson, men når det har gått nokre månader så er han det ikkje. I alle fall ikkje viss han får lov av mor til å komme heim. Viss du søker på nettet, lærer du at ”pappapermisjon” blir sett i hermeteikn av ferieoperatørar som reklamerer med billige feriar for heile familien i ”fedrekvoten”. Det er ikkje like lett å finne historier der pappa fortel om sine personlege erfaringar med helvetesnetter når barnet skal venne seg av med nattamminga. Det er sjeldan å sjå diskusjonar mellom fedre om kva for morsmjølkerstatning som er best, når det er greitt å slutte å koke flaskene eller om dilemma knytte til påkleding i sportsvogn tidleg på våren.

 

Ideen bak forslaget om tvungen tredeling av fødselspermisjonen, var å forsøke å minske lønskilnadane mellom kvinner og menn. Det er berre ein av dei mange gode grunnane til å sleppe pappa meir til heime med babyen. Men mamma må våge og ville dele på både den nære bindinga til og ansvaret for babyen, og pappa må våge og ville ha begge deler. Og eg trur det er mykje lettare både å våge og å ville dersom fleire fedre deler ikkje berre fyndord, men også detaljar frå sine erfaringar i permisjonstida. Kvinner gjer ikkje anna enn å dele slike detaljar; på barselsgruppa, på babysongen, på babysvømminga, på e-postlista til familiens kvinner og, som sagt, i ymse nettforum og i anonyme avisinnlegg. Det er ikkje rart vi trur vi er betre skikka, så mykje som vi veit om kva andre mødre har opplevd!

 

Så pappaer for pappapermisjon, kvar er de? Kvar er dykkar anonyme nettforum for debatt og utskjelling av kvarandre? Kvar er pappamagasinet Pappsen? Finst de i det heile tatt? Vil de finnast? Bør de finnast?

 

Mi oppmoding er i alle fall klar, og eg syng med Evert Taube:

Pappa, kom hem, för jag längtar efter dig.

Kom innan sommarn er slut, lilla pappa.

Åskan har gått

Och om kvällen blir det mörkt

Stjärnorna syns nu på himlen igen

 

Legg att ein kommentar

Epost-adressa di vil ikkje bli publisert. Naudsynte felt markert *






Kommentar *