Forfattar møter elev møter lærar

I denne teksten frå ei utgåve av Norsklæraren i 2006, forklarer eg båt-diktet frå Få meg på, for faen.

Hei lærarar!

 

Eg er forfattar, og eg har i det siste året oppdaga at elevar i den vidaregåande skulen les og analyserer bøkene mine. Det er sjølvsagt moro, men det får også nokre litt slitsame konsekvensar. Eg har nemleg byrja å få så mange e-postar og blogg-kommentarar frå elevar som treng hjelp med analysen sin, at eg ikkje klarer å svare alle. Vanlegvis er eg likevel blid og høfleg, men eg skal ikkje fortelje kva eg sa til ein elev som ringte meg då eg låg og sov middag: Ho skulle skrive om den siste romanen min, men ho hadde ikkje lese han, og så ville ho gjerne vite kva han handla om.

 

I staden skal de få sjå korleis det ser ut når eg tar meg tid til å svare skikkelig. Her er eit spørsmål og eit svar frå kommentarfeltet til posten ”Boknytt” på bloggen Eit eige rom med utsikt.

 

29.november kl 13:45

Hei!

 

Dette er ganske off topic til bloggen. Men jeg trenger hjelp til å analysere den nye boken din «FÅ MEG PÅ, FOR FAEN» jeg har nettopp lest den, men sitter igjen som et spørsmålstegn. Hva handlet boken egentlig om? Er det en dyp mening bak det underfundige oppsette med båtene og tegnene feks s. 25-29? Hva burde jeg vektlegge i analysen? Jeg vil også si at jeg likte den litt abusrde boken.

Jeg håper på resopons!

 

Hilsen Andrea

 

29.november kl 14:28

Hei Andrea, lykke til med analysen av den absurde boka mi. Mitt beste tips er å prøve å lese med tanke på at det er mykje dagdrøyming i boka. Dagdraumar er, tilliks med andre draumar, ikkje alltid logiske, og dei kan fort gå i andre retningar enn ein hadde tenkt, sjølv om ein bestemmer alt sjølv. I alle fall skjer dette med hovudpersonane i _Få meg på, for faen_.

Det er mykje hjelp å finne i ymse bokmeldingar og omtaler som finst på nettet, og som vanleg når eg får slike spørsmål, viser eg til desse. Det er lett å google dei fram, og du kan også finne dei dersom du trykkjer på linken under «om få meg på for faen», som står til høgre her på sida. Eg vil helst sleppe å analysere boka sjølv, eg er nemleg ferdig med både ungdomsskulen og vidaregåande, og glad for det. Eg er ellers einig med dei som seier at det kan vere fint å ha ei lesaroppleving utan å på død og liv skulle måtte analysere henne i fillebitar etterpå. Ei bok er ikkje nødvendigvis eit spørsmål du skal finne svaret på.

Men når det gjeld akkurat dette med båtane og dei andre merkverdige tekstbitane på side 25 – 29, så er det så mange som synest at dette er mystisk, at eg no skal ta bladet frå munnen:

Maria prøver å skrive eit føredrag. Ho prøver å få gjort leksa si. Men ho får ikkje til å skrive noko, ikkje heilt ulikt korleis eg har det nett no, når eg prøver å skrive ein tekst til  bladet «Norsklæraren». Kva skal eg skrive om? Og dersom eg visste det: Korleis skal eg få det ned på papiret? I staden for å konsentrere meg om det eg skal, surfar eg på nettet, sjekkar mailen min heile tida og ser etter nye kommentarar på bloggen.

Andre sit kanskje og teiknar skjegg og hoggtenner på bilete av folk i avisa som ligg ved sidan av pcen, nokre sit kanskje og stikk hol i ei plastflaske med ein skarp blyant. Nokre drar seg i håret. Andre spenner i eit av bordbeina så det syng. Alt fordi dei ikkje klarer å gjere det dei eigentleg skal. Og kva gjer Maria?

Jo, ho skriv med nasa. Ho skriv «ikkje lov å reise seg» med forskjellige skrift-typar. Ho teiknar ein båt med ord. Og ho skriv ned ein song ho kan, og teiknar hol inn i songen, noko som passar til det songen handlar om. Det er ikkje noko djupare meining bak dette, eg ville berre illustrere at Maria byrjar å tulle fordi ho ikkje får til å skrive foredrag. Når båtane kjem attende seinare i Maria sin draum på slutten av boka, kan du tenke på kva du sjølv drøymer om dersom du har site til langt på natt og spelt tetris eller kabal eller Tomb Raider.

Eg håpar dette var oppklarande. Dersom du vil, kan du i analysen din også spekulere i om forfattaren sjølv hadde problem med å komme seg vidare i romanteksten, då desse fire sidene oppsto.

Og ettersom «Norsklæraren» er eit blad som kanskje blir lese av lærarar som skal forklare elevane sine kva den absurde romanen _Få meg på, for faen_, handlar om, så tenkjer eg at dette Andrea har skrive og dette eg har svart, kan vere nyttig for nokre av dei også. Dermed slo eg to fluger i ein smekk, og kan no ta meg ein velfortent kopp kaffi.

Lukke til med analysen, Andrea! Eg håpar du får god karakter

 

 

Legg att ein kommentar

Epost-adressa di vil ikkje bli publisert. Naudsynte felt markert *






Kommentar *